Naturfotograf i toppklasse

Foto: Vegard Lødøden. Etter endeleg å ha funne den rette staden og fire fullmånar seinare, fekk Vegard Lødøen inn denne fulltreffaren med biletet han har kalla «Hjort mot måne».

Vegard Lødøen  stakk av med tittelen «årets bilete» og fekk ein andreplass samanlagt i konkurranse med mange dyktige fotografar i norgesmeisterskapen i naturfoto.

Vegard Lødøen i Valldal arbeider hardt for å ta gode bilete av fuglar og dyr i deira naturlege element. I 2016 leverte han femti bilete til konkurransen tidsskriftet Vilmarksliv arrangerer. Det er ein noregsmeisterskap i naturfotografering. 

Stor deltaking

Gjennom ti månader kan fotografen levere inn totalt femti bilete, fem kvar månad, og bileta vert bedømte av ein fagjury fort-løpande. Juryleiar Asle Hjellbrekke fortel til Storfjordnytt at Vegard Lødøen er ein trufast leverandør av gode bilete, at bileta hans er gjennomtenkte, og at han med biletet «Hjort mot måne» er ein verdig vinnar av årets bilete 2016.

– Dette året er det rekordmange som har levert bilete til norgesmeisterskapen i naturfotografering. Her er det både flinke amatørar og profesjonelle fotografar som er med, seier juryleiaren. 

Dei handsamar om lag 2000 bilete frå om lag 110 fotografar gjennom eitt år, og Asle Hjellbrekke seier det har vore ei rivande utvikling dei seinare åra. Det som for fem år sidan var skikkeleg bra, når ikkje opp i dag.

Planlegging

Vegard Lødøen har i fleire år tenkt på eit slikt bilete som han vann med i år, og tanken kom att kvar gong fullmånen viste seg. Han leita lenge her inne etter ein stad han kunne nytte, men fann han ikkje. Derimot fann han staden i Haram då han var der på eit anna fotooppdrag. Han avtalte med  grunneigaren å få lagt silo på ein haug, og så var det berre å vente på måne og hjort.

Det gjekk fire fullmånar får Vegard fekk klaff. Hjorten dukka ikkje opp ved siloen så fotografen måtte flytte seg, og det same gjorde månen. 

– Det vart litt stress ei stund med å få på plass stativ tidsnok, sidan hjortane reiste seg og månen var der han skulle, seier Vegard Lødøen. Resultatet var eit unikt naturbilete av hjort i silhuett mot fullmånen. 

Biletet er teke med ein Nikon D800E og eit 500 millimeter teleobjektiv med blendar 6,3 og ei lukkartid på 1/160 sekund på ISO 250 – for dei som vil ha med seg den tekniske biten.

Biletet fekk poengsummen 55,2, og i 2016 avslutta Vegard Lødøen konkurransen med to topplasseringar og tre andreplassar for bileta sine.

Løn for strevet

Premien for Årets bilete er ei reise med ein verdi på 30.000 kroner til Finland for å fotografere ulv og bjørn. Andreplassen samanlagt vert premiert med tur- og fiskeutstyr for 15.000 kroner.

Dei som er interesserte i å sjå bileta frå konkurransen, kan finne dei på internett:  www.vlfoto.no under albumet «NM» (http://vlfoto.no/nm.html).

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no