Nedstestølen skiarena

Vilde Lorgen Øvrebust (t.v.) og Vilde Roysdatter Lange konkurrerer i same klasse og syntest det var kjekt å få treffast på ski igjen. Til høgre Lone Lorgen Øvrebust som går i klasse 13 og 14 år.

Snømangelen klabbar det litt til på terminlistene for alle skirenna som brukar å gå av stabelen på denne tida av året.

Valldal/Liabygda-cup skulle eigentleg gå på Omenås i Valldal 5. januar, men vart arrangert på vegen mellom Langdal og Nedstestølen søndag.

Her var det laga til fine løyper, og mange tok turen. Temperaturen var heller ikkje så verst, det tok til å gi seg med dei kaldaste gradene.

Bilde av nesten alle som deltok i dei yngeklassene søndag.

Bilde av nesten alle som deltok i dei yngeklassene søndag.

På grunn av snømangel hadde Roy Lange og dottera Vilde teke turen heilt frå Vistdal i Romsdal for å få gå på ski og konkurrere.

Valldal idrettslag har også køyrt opp løyper frå Langdal og framover. Her held dei uorganisert trening  tysdagar om kvelden.

På grunn av snømangel er sonerennet som Norddal idrettslag skulle arrangere på Lilleåsen komande laurdag flytta til 12. februar.