No blir det slutt på maset

I I august startar utrullinga av dei nye, smarte straummålarane som styresmaktene har bestemt at alle i landet skal ha tekne i bruk innan vi skriv 2019.

«Endeleg slutt på maset» er Mørenett sitt slagord med tanke på dei nye straummålarane som snart er på veg ut til innbyggjarane i Norddal kommune.

Kari Løken, kommunikasjonssjef i Tafjord Kraft og Trond Søreide frå Mørenett var i går på besøk hos Norddal kommune for å orientere om utrullinga av dei nye straummålarane.

Arbeidet startar i august og planen er å arbeide seg gjennom Norddal kommune bygd for bygd.

Smart straum

Smart straum, med forkortinga AMS, er automatiske straummålarar som NVE har bestemt at alle straumkundar i landet skal ha fått seinast 1. januar 2019.

Det er eit stort arbeid som er i gang, i Mørenett sitt område skal om lag 64.000 målarar byttast ut frå no av og ut neste år.

Mottoet «slutt på maset» viser til at med den nye straummålaren så slepp du og eg å lese av straummålaren og rapportere inn målarstanden slik vi har gjort til no.

I tillegg vert straumbrot automatisk varsla til nettselskapet, noko som kan bety at feilretting tek kortare tid. I tillegg opnar desse nye «smarte» målarane for at vi kan kjøpe tilleggstenester frå straumleverandøren vår, til dømes høvet til å styre straumforbruket vårt etter når tid på døgnet prisen er lågast.

Inga ekstrarekning

– Vil abonnentane få ei ekstrarekning i posten for denne utskiftinga?

– Nei, investeringa ligg inne i budsjetta våre. Men det er slik at dette vert teke inn gjennom nettleiga over mange år, seier Søreide.

Han peikar på fordelane dei nye målarane gir, mellom anna at straumabonnentane slepp maset om å lese av og melde inn.

– Poenget er ikkje at vi skal bruke mindre straum, poenget er å få ei rettare måling og fakturering av straumen vi brukar, seier Søreide.

Skal bli usynlege

Eit anna mål med å ta i bruk dei nye straummålarane er ifølgje Søreide at nettselskapet på sikt skal bli meir usynlege for kundane.

– Dei skal høyre mindre frå oss og eigentleg stort sett forhalde seg til straumleverandøren sin, fortel han og legg til at ein annan fordel med det nye systemet, er at ein del feilkjelder i innmeldinga av straumforbruk vert borte.

Be om legitimasjon

Det vert frå dei to presisert at alle abonnentar først vil få brev frå Mørenett med informasjon om målarbytet. Deretter vil entreprenøren Bratseth ta kontakt for å avtale tid for målarbytet.

– Vi vil tilrå alle å be den som kjem på døra om å vise legitimasjon, sånn for sikkerheits skuld, seier Søreide, sjølv om montørane køyrer rundt i bilar med «slutt på maset»-mottoet godt synleg.

Både Løken og Søreide håper montørane vert tekne vel imot når arbeidet startar i august. Og håper kundane blir nøgde med omlegginga.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no