– No går toget

Det er blitt mykje skog i Norddal kommune, og dei som vil levere tømmer må levere skogbruksplanar.

– Går toget utan at vi er med? spør Svein Linge som er med i styringsgruppa for skogbruksplanar for dei tre kommunane Stranda, Norddal og Sykkylven.

Skogeigarar har tidlegare vore inviterte til å skaffe seg skogbruksplan, både for å få betre oversikt over ressursane i skogen og fordi det vert eit krav dersom ein skal levere tømmer.

Fylkesskogsjefen sine tal viste at det i Norddal er om lag 38.000 dekar skog som ligg innanfor der det trengs skogbruksplan. For å få statstilskot til skogbruksplanarbeidet må det vere mindt 50 prosent som har sagt seg villige til vere med. Dei 34 skogeigarane i Norddal som har meldt seg, har om lag 8.000 dekar skog. Det står att elleve skogeigarar som har sagt seg intereserte, men ikkje har meldt seg.

Styringsgruppa hadde møte sist måndag. Innhenta tal viser at i Stranda har dei som har meldt seg hand om om lag 50 prosent av arealet. I Sykkylven er det like labert som i Norddal. Det må vere 50 prosent totalt for dei tre kommunane.

Svein Linge fortel at dei har sett litt på kartgrunnlaget, der det viser seg at det er teke med for stort areal, skog som aldri vert hausta. Han håper å kome ned på mellom 22.000 og 23.000 dekar, slik at rundt 12.000 dekar utgjer dei 50 prosent som er kravet.

Til dei som enno ikkje har meldt seg seier Linge at det er no det må skje. Om ein får laga ein slik plan seinare vil det koste mange gongar meir, då ein må leige folk ekstra. Styringsgruppa har bedt om å få utsett fristen til 8. juni.

– No må alle skogeigarar sjå besøkstida si. Det er store verdiar som står på spel, seier Linge og viser til ei nettadresse der det er enkelt å bestille skogbruksplan. www.allma.no/allskog er adressa, på denne sida finn ein kvar ein kan bestille plan for Norddal.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no