Norddal neste på lista, men ikkje i år

Nodehus i Eidsdal.

Fiberen har kryssa fjorden, nodehuset er utplassert, men det er framleis eit stykke opp og fram før det kan takast i bruk.

Nodehuset er sett opp på baksida av «buda» i Norddal. Men i motsetnad til det mange har trudd, så er det enno ikkje fiber i nodehuset slik at det ikkje på noko vis er klart til bruk. Det vil det heller ikkje bli medan kalenderen framleis viser 2017. Innbyggjarane i bygda må dermed vente til 2018 før det blir fiber der, om ein skal tru Ola Engvik, divisjonssjef for fiber i Tafjord Marked AS etter breibandsmøtet i Valldal tysdag kveld.

Han forstår utålmodet og skjønar at folk lurer, spesielt med tanke på at det er lenge sidan nodehuset kom på plass.

– Nodehuset er der, men det er ikkje fiber inn i nodehuset per i dag, seier han og legg til at det neste som er aktuelt i Norddal kommune innanfor meir eller mindre kommersielle rammer, er bygda Norddal .

Grunnen til at det høgst sannsynleg ikkje blir fiber i Norddal i år, har med økonomien til Tafjord å gjere. Engvik fortel at der han før har hatt 100 millionar til å byggje ut, har han no berre kring ein tredel. Då blir dei kommersielt meir interessante stadene prioriterte først. Og det er dermed Vestnes og somme delar av Ålesund som Tafjord Marked AS vil konsentrere seg om i tida som kjem.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no