Norske løer mellom to permar

Dette spesielle fotoet av Framgardsløa i Valldal tok Oddleiv Apneset våren 2013, eit foto som har har vorte mykje brukt i omtalen av boka.

Ein kombinasjon av flotte fotografi og den unike historia til norske løer har gjort at første opplaget av boka ”Norges låver” vart utselt på ein blunk.

– Denne løa må få ein sentral plass i boka, sa Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth då dei vitja Valldal våren for snart to år sidan. Dei skule ta bilde av Framgards-løa og samle informasjon.

Løebok

Dei hadde planar om å reise rundt i heile landet for å lage ei bok om norske løer. Boka kom ut for snart to månader sidan og har fått tittelen ”Norges låver”.

På reisa si rundt om i landet har dei oppsøkt både tradisjonelle og arkitektteikna løer, både velhaldne og forfalne. Dei har møtt folk som riv løa si med lett hjarte og dei som sørgjer over løa som måtte ned. Andre ofrar både sydentur og anna for å klare å halde ved like eit stort uthus som dei eigentleg ikkje lenger har bruk for. Boka har ikkje berre eldre løer, også nye og spesialiserte driftsbygningar har fått plass i boka, og gamle bygningar som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd.

I den 2,2 kilo tunge boka på 564 sider finn ein meir enn 1.000 løefoto. Fotograf Apneseth har tydeleg grepet på vinklar og lys, noko som gjer fotgrafia til ei oppleving i seg sjølv.

Historie

Første delen av boka har forfattar Eva Røyrane brukt til å gjere greie for løa si rolle i historia til det norske landbruket, kapittelet har fått tittelen ”Landbrukets katedralar”.

Resten av boka er delt inn i fylke, også her får lesaren eit godt og interessant innblikk i utviklinga i landbruket i dei ulike landsdelane. Boka er dessutan krydra med spesielle lokale historier. Eit døme på det er frå Porsanger i Finnmark, der dei i 1945 bygde opp att ein krisefjøs etter at dei kom heim frå evakueringa, dei bygde første fjøsen til ei ku og to sauer av flyplassplank frå tyskarane si rullebane i Lakselv.

I Møre og Romsdal har forfattar og fotograf mellom anna besøkt Stranda, Norddal, Surnadal, Sunndal, Rindal, Rauma og Nesset.

Ikkje berre er dette ei bok med flotte fotografi og velskrivne historier, ho representerer også ein del av norgeshistoria.

Forlaget Skald melder at første opplaget gjekk unna i full fart, eit nytt opplag er trykt.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no