Ny ballbinge ved den gamle skulen

Alt var heilt strøkent til monteringa av ballbingen torsdag i førre veke. Frå venstre: Rune Støversten, Asgeir Hovde, Karl Ivar Skare og Roger Alne.

Torsdag førre veke var alt klart til å starte monteringa av ballbingen på Dyrkorn.

Før dei kom så langt har folk på Dyrkorn brukt mykje krefter og mange timar på å gjere alt klart.

Grunnarbeid

Dei starta med å fjerne skogen og rydde den gamle leikeplassen. Ein mur er sett opp for å få ein stor nok plass til å sette opp ballbingen. Plassen der det før var leikeplass, skal no verte ein endå større leikeplass med leikeapparat. Det som før var skule, er no gamleskulen som er blitt ungdomshus. Ein naturleg møteplass for dei som bur på Dyrkorn.

Kunstgras

Ei lita gravemaskin ber opp dei store rullane med kunstgras, fire store rullar. Plassen er strøken og i tillegg til han frå firmaet som leverer og står for montering er fem nevenyttige og kraftige karar frå bygda til stades.

– Banen er 13 meter brei og 21 meter lang, ein standard ballbinge, og kjem du attende om seks timar skal mykje vere gjort, seier Karl Ivar Skare, frå Unisport. Han har gjort dette før, og før ein veit ordet av det er kunstgraset på plass og dei fire tonna med ein spesiell sand på veg opp på bana for å fyllast i kunstgraset.

Det er Stordal kommune som er utbyggar og har vore med og finansiert det heile saman med spelemidlar, Sparebanken Møre saman med Sunnmøre fotballkrins, Tafjord kraftproduksjon og Busengdal Transport. Prosjektet har fått litt fleire utgifter enn først rekna med, men no er det om ikkje lenge avslutta og Bjørg Jakobsen seier at i løpet av denne månaden skal Dyrkorn vel ha ei offisiell opning.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no