Ny botnventil skal på plass og så skal den på sjøen att

Jon Peder Hove er ferdig med det han skulle om bord i sjarken sin for denne gong. – Hatten er god å ha ein regnvêrsdag og no fer vi heim og tek ein kopp kaffi, det vert litt koselegare, seier den engasjert 90-åringen.

Ein liten raud bil svingar opp framfor ein plastsjark som står på ei vogn nede på småbåthamna i Stordal. Ut kjem ein gammal mann som med raske steg går bort til båten då lokalavisa kjem i snakk med han.

Jon Peder Hove er i sitt rette element her på småbåthamna. Han har i lang tid vore engasjert i miljøet og har sidan han var liten vore opptatt av fiskeri og båtliv.

Skifte botnventil

– Nei, du skjønar eg må skifte botnventilen, den har sett seg heilt fast. Eg har fått Sunnrør til å hjelpe meg med det, seier den engasjerte båteigaren. Når båten fyrst er oppe, nyttar Jon Peder Hove høvet til å reingjere det som er under vasslina. Det var onsdag sist veke han fekk båten på land og så snart den er reparert, skal den på sjøen att.

Sjark

Båten er ein sjark på 25 fot med ein 35 hestar motor og med dekk.

– Båten eg hadde før var ein trebåt utan dekk og det vert for tungvint for ein gammal mann, men uansett må fiskeblodet spylast vekk. Gjer du ikkje det, får di det aldri vekk, seier Jon Peder. Båten skal på sjøen så fort den er fiksa. Vanlegvis tek han opp og botnsmører annakvart år. Båten er kalla opp etter kona og heiter Liv Alfhild.

Mest sommarstid

Det er mest sommaren Jon Peder fiskar no og då nyttar han hjul, det er mest sei som kjem om bord i båten. Han set nokre garn av og til, då i nærområdet.

– Denne tida er det hysa dei som fiskar i fjorden, ventar på. Den er her berre ei kort stund før den fer vidare inn fjorden, seier Jon Peder Hove. Han har vore engasjert i småbåthamna i Stordal i lang tid. No er det ikkje lenge før det er årsmøte kan han fortelje og legg til at mange nyttar småbåthamna som treffstad og at det er eit kjekt miljø å vere i, om du har båt eller ei.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no