Ny interiørbutikk i Valldal

Inga Martine Muri opna torsdag ny interiørbutikk hos H. L. Muri i Valldal.

Torsdag førre veke opna det ny interiørbutikk hos H.L. Muri i Valldal. Lyse lokale vegg i vegg med Sylteormen Bakeri husar ulike velvereprodukt, gode tear, fargerike lys og serviettar, stilfulle puter og mykje meir.

Nokre av varene syner at det nærmar seg påske, og det var mogleg å forsyne seg med cupcakes og kaffi for dei som vitja nyopninga.

Uventa mange innom

Butikksjef Inga Martine Muri, hadde ikkje rekna med at det skulle kome såpass mange kundar så tidleg på dag, men dei hadde knapt fått opna dørene før folk byrja å gå inn.
Mange godord var å høyre frå dei som kom.

– Så luftig og fint dette lokalet var, var det kundar som bemerka.

– Dette var fine måtar å stille ut produkta på, meinte dei.

Drift held fram

Far til Inga Martine, Hans Olav Muri, kjem bortom.

– Butikkdrift har vi hatt i fleire generasjonar, men ideen til denne butikken var det Inga Martine som hadde, fortel han.

Inga Martine fortel at ho lenge har vore interessert i interiør.

– Det er i hovudsak eg og mor mi og nokre til som kjem til å vere i denne butikken, seier Inga Martine.

Interiørinteressert

Ho seier at ein del av varene har vore utstilte i «gamlebutikken», men no får dei synt fram varene meir enn før.

I tillegg blir det betre plass til kjøkkenutstyrsavdelinga der interiøravdelinga var før.

Hagemøbelutstilling

Når vi kommenterer den delen av forretninga der hagemøblane står, seier ho at den vert nytta til å stille ut møblane fram til den vert leigd ut til noko anna.

Det er kjekt å sjå at nye krefter held fram med butikkhandel, og det kunne sjå ut som at ein finn det ein treng for å gjere det hyggjeleg rundt seg.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no