Ny rekord på sykkel for kvinner

Frode Rønneberg i tet i denne klynga.

Laurdag gjekk årets utgåve av «Frå fjord til fjell» av stabelen i Geiranger, i vekslande ver.

Frå fjord til fjell er blitt ein årviss tradisjon i Geiranger, og i år fullførte 678 deltakarar sine løp.

Ein rekord vart sett, den var det landslagssyklist Ingrid Lorvik frå CK Victoria som stod for, ho sykla frå Geiranger sentrum og opp på Dalsnibba på 1.11.45, heile åtte sekund raskare enn den gamle rekorden. For det vanka det bonuspengar for ny løyperekord i tillegg til premie for raskaste tid.

Det var heilt til det siste spenning med tanke på om det ville la seg gjere å ha målgang på Dalsnibba slik ein plar, for vêrgudane har ikkje vore spesielt trivelege å ha med å gjere den siste tida. Men arrangørane Geiranger IL og Eidsdal IL var heldige, i vekslande regn og sol vart det også i år målgang på toppen.

Raskaste herre på sykkel var Bjørn Tore Hoem frå Team Joker Procycling med tida 1.04.14, Tesfayohannes Mesfun Fisehatsion frå Bodø vart raskaste herreløpar opp med tida 1.31.36 og raskaste kvinneløpar var Audhild Hestad, Gaular IL, med tida 2.02.39. Rulleskiløp var det også i år, her var Rune Malo Ødegård frå Team Synnfjell/Molde og Omegn IF, raskast.

Mange lokale var også påmeldte, særleg var mange born med i Nibbeløpet Mini. Oskar Mjelde Mork (12.42) vann miniutgåva på sykkel og Kristian Nedregård (16.48) løp.

Eidsdal-Norddal Røde Kors var også som vanleg til stades for å ta hand om dei som eventuelt måtte ha behov for det.

Frå fjord til fjell er eit stort løft for dei to arrangøridrettslaga, men dei gjennomfører med glans kvart år. Og kvart år er det eit heilt kobbel med frivillige som deler ut startnummer, dirigerar trafikk, delar ut drikke og mykje anna. Utan alle dei som stiller på år etter år, hadde det ikkje latt seg gjere med eit så stort arrangement.