|
|
Dei første dagane etter den voldsomme flodbølgja var det vanskeleg å kome i kontakt med familie, slektningar og vener i Sri Lanka. I lang tid måtte dei leve i ei vond uvisse. Etter kvart kom telefonlinene i orden igjen, og meldingane om dei enorme øydeleggjingane nådde også Valldal med all si gru. Dei seks tamilske familiane som er busette i Valldal, har alle på ein eller annan måte blitt råka. Alle har dei anten slektningar eller vener som er omkomne, sakna eller skadde. Katastrofen har gått hardt inn på det tamilske miljøet i Valldal, og den siste veka har vore trist og vond.
Omtanke varmar
I alt det triste gler dei seg over den omsorga folk i lokalsamfunna våre viser, både overfor tamilane her i bygdene og alle dei hardt råka landa i Søraust-Asia. Første nyttårsdag samla tamilane inn pengar i Valldal, Liabygda og Stordal, og fekk inn 35.000 kroner. Desse pengane skal nyttast til naudhjelp i områda der tamilane har familie i Sri Lanka. Dette er på austkysten av landet, som vart hardast ramma av katastrofen.
Det er varmande å sjå kor mykje folk bryr seg om det som har skjedd. Mange har tatt kontakt med oss, for å høyre korleis det har gått med våre familiar. Det gjer godt at folk bryr seg. Også det kommunale kriseteamet har vore til svært god hjelp, seier tamilane som snakkar med Storfjordnytt.
Naudhjelp
Dei innsamla pengane skal brukast til klede, helseføretak, mat og drikke. Mange av lokalsamfunna vi har vore i kontakt med, har ikkje fått naudhjelp i det heile enno. Vegar og bruer er ofte øydelagde, slik at hjelpa ikkje når fram til dei minste samfunna, fortel dei. No har i tillegg kraftig regn ført til store flaumar, som har gjort både hjelpearbeidet og levevilkåra ytterlegare vanskeleg. Regnet, flaumen og redsel for etterskjelv og nye flodbølgjer set sitt preg på området.
Mangelen på reint drikkevatn og medisinar er det mest alvorlege. Alt vatn er forureina og luktar vondt.
Vil gjerne hjelpe
Tamilane i Valldal er frå ulike samfunn i Sri Lanka. Alle har kome til Norge som flyktningar av politiske årsaker. Grunna dette er det sjeldan dei har hatt høve til å dra attende til heimlandet. Men nett no er det i Sri Lanka dei helst skulle ha vore.
Det er så ufatteleg trist å vere vitne til denne katastrofen her frå Norge. Eg kjenner meg så hjelpelaus og langt unna. Det er så mange vi kjenner som har det vondt, og eg skulle så gjerne ha vore der nede for å hjelpe til, seier Thanathasan Veerasingam.
Tamilane i Valldal har vore svært mykje saman sidan katastrofen skjedde. Dei er til stor støtte for kvarandre. Det er ei vond tid, og spesielt for borna er det vanskeleg. TV-bileta frå områda og telefonsamtalane med slektningar gjer eit voldsomt inntrykk.
Alt øydelagt
Fiskarlandsbyane langs kysten er totalt øydelagde. Det har ligge døde menneske over alt. Husa, butikkane og fiskebåtane i desse områda er vekk. Forsikringsordningane er ikkje som i Norge, så mange har mista alt dei eigde. Det vil difor vere behov for hjelp til oppattbygging i lang tid framover, seier tamilane. Dei traumatiske opplevingane frå katastrofen er sjølvsagt ufattelege, og vil også ta lang tid å lege.
Folk har ikkje vore redde for å ringe oss eller snakke med oss og spørre om korleis det står til med oss og våre i Sri Lanka. Denne omtanken har gjort godt, seier dei. Dei sender ei stor takk til alle som har gitt pengar, til alle som har brydd seg om dei, og til kommunelegen og hjelpeapparatet i Norddal kommune. |
|
|