Flott og fengjande musikal

I år var det ungdoms-skuleelevane som stod for hovudinnslaget på juleavslutninga til Stordal skule. Dei hadde kasta seg ut i sjølvaste West Side Story - men hadde ikkje teke seg vatn over hovudet!

5. januar 05
Kenneth Strømsøy
Fart og flyt på musikal i Stordal.
Det var eit mangfald av talent som fekk utfalde seg då ungdomsskulen sette opp eit utdrag av West Side Story. Sjølvsagt var her også ein og annan som mangla både inspirasjon og talent (slikt heng ofte i hop...) – men det skulle berre mangle når absolutt alle elevane skulle på scena, anten rolla var stor eller lita.
Tilskodarane fekk høyre nokre av dei mest fengjande og desidert mest kjende musikalsongane som er laga, som Somewhere, I Feel Pretty og America. Til fleire av songane høyrde det sjølvsagt både heftig dans og freske fråspark, så elevane hadde hatt litt av kvart å bryne seg på attåt replikkane og skodespelarkunsten.
Når det gjeld handlinga i West Side Story, er dette ein slags modernisert variant av Shakespeares Romeo og Julie; det heile er flytt til vestsida av Manhattan på 50-talet, og dei stridande gruppene er ikkje adelsslekter, men to ungdomsgjengar. Jets er ”innfødde”, kvite, medan Sharks er puertoricanske nyinnflyttarar. Dei er sjølvsagt bitre fiendar, og vil ikkje ha noko med einannan å gjere – heilt til systra til Sharks-leiaren og ein tidlegare Jets-leiar vert forelska. Der har vi dei moderne Romeo og Julie – Tony og Maria –, og det heile endar sjølvsagt i tragisk.
Før musikalen bidrog også småtrinnet og mellomtrinnet med kvar sine nummer, og dei kom vel frå det heile, dei også.