Diktaren fra ma Hjelma

I eit langt liv har Martin Hjelme skrive dikt etter innfallsmetoden, seier han sjølv. Andre kallar det inspirasjon. No er mange av dikta samla i eit hefte.

12 januar 05
Sissel Tiril Rem
Martin Hjelme er beskjeden på eigne vegner og redd for å bli haussa opp. Men at han fekk kulturprisen frå Norddal kommune i 1991kan han ikkje underslå.
«Martin har budd heile livet sitt i Valldal, og bur framleis i blåhuset på Tegane», skriv barnebarnet Øyvind Martin Hjelme i føreordet til diktsamlinga som han har redigert og gjeve ut. Heftet vart lagt ut for sal før jul.
Han Martin tek imot i det same blå huset på Tegane.
– Sett deg ned, eg må kople åt apparata, seier han og festar to høyreapparat på øyra.
Høyrselen har vorte dårlegare og dårlegare med åra.

Moaløyse
Martin Leonhard Nilsson Hjelme vart fødd 28. september same året som den første verds-krigen braut ut, i 1914. Han voks opp på Hjelma som ein av ni syskjen, og hadde teikning som ei stor interesse.
– Trettiåra kom med arbeidsløyse, pengeløyse og moaløyse, og så kom krigen. Difor kom eg meg ikkje ut av bygda. Eg måtte gå her og ta småjobbar. Å kome seg på skule den tida var ikkje greitt.
– Kva tid skreiv du det første diktet ditt?
– Nei, det veit eg ikkje. Det var medan eg var unggut, men det meste gjekk i omnen oftaste. Eg hadde ikkje mot til åleggje fram noko.

God respons
Dei fleste dikta har han Martin skrive i godt vaksen alder.
– Eg leverte nokre dikt til Norddal Bygdeblad og Stor-fjordnytt. Eg våga meg òg på Sunnmørsposten ein gong. Eg fekk meg ein kipp då. Same kvelden fekk eg telefonar frå Ålesund, Dyrkorn, Stordal, Stranda og Valldal – utflyttarar.
– Kva sa dei?
– Dei var begeistra. Det viste seg at det var brukbart det eg hadde rota til. Så kom kringkastinga. Dei gjorde nokre opptak som vart brukte.
Då han Martin Hjelme var formann i pensjonistforeininga, brukte han ofte dikta som underhaldning på møte.
– Dei låg der og slang. Eg hadde ikkje noka tru på det, og brende vart dei ein god del.
Han veit ikkje kor mange dikt han har skrive og brent, men diktsamlinga rommar om lag 40 dikt.
– Det var bestefarguten og kona som bur i Trondheim, som fann ut at dei ville samle dikta. Eg visste ikkje noko om det, seier han og legg til at han håper dei ikkje taper pengar på prosjektet.
Først laga dei eit hefte i 2003 som dei gav til slekt og vener i julegåve. I fjor haust kom heftet ut på nytt. Heftet vart selt i butikken til Norddal husflidslag.
– Dei selde mange hefte, og eg har framleis hefte liggjande. Seinast i går leverte eg eitt og fleire er tinga, sier Martin.

Kjem av seg sjølv
Det vert ikkje så mykje skriving no til dags.
– Nei, det har vore stilt ei stund no. Eg kan ikkje berre setje meg til å skrive. Det må kome av seg sjølv.
Han fortel om den gongen han vart beden om å skrive eit dikt til 17. mai-markeringa på kyrkjegarden på Sylte.
– Eg lovde ikkje noko, men sa eg skulle prøve. Men det var ikkje råd – aldeles stilt dag etter dag. Eg tok med meg blokk og blyant innpå senga, men det var ikkje tale om. Eg sette på lyset, sløkte det og slik heldt eg på. Ho Magnhild sa ikkje noko. Til slutt tok eg med meg dyna ut på divanen. Klokka fire om natta skreiv eg diktet rett ned og sovna. Då eg vakna, låg det der ferdig. Slik har det vore andre gonger òg. Eg kan ikkje planleggje eit dikt. Det kjem av seg sjølv.

Lokale minne
Diktsamlinga heiter «Dei gode minner», og det er minne og historier som pregar samlinga.
– Mykje er lokalt. Til dømes skriv eg om Lars som var plassemann på Hjelma. Det er ikkje mange att som hugsar han. Det same gjeld han Leif. Når eg brukar «eg», kan det vere Per, Pål, Pernille eller Petrine. Det er ikkje nødvendigvis meg sjølv eg siktar til, forklarer han.
Men i diktet «Eit 50–års minne» er det ikkje tvil om at det er diktaren sjølv som er hovudpersonen. Diktet handlar om då han og fleire andre soldatar var på veg oppover Gudbrandsdalen etter andre verdskrigen, svoltne og utan mat å oppdrive. Då møtte han ei jente på vegen som gav han ein pakke kjeks. Saman med nokre sjokoladeplater som han fann på ein plyndra butikk, vart dette eit måltid for han og dei andre som hadde overnatta i ei løe. Etterpå kom han på at han hadde gløymt å takke jenta.
– Då eg sat her attmed peisen, 45-46 år etter krigen, kom det sigande, minnet.
Då skreiv han diktet «Finns du enno?» med takk til jenta som hadde hjelpt han. Diktet sende han til avisa Gudbrandsdølen på Lillehammer, og fekk svar.
– Eg veit ikkje om det var ho som gav meg kjekspakken, men det var ei kvinne som fortalde at ho brukte å gje soldatar forskjellige ting. Det var artig å få svar.

Åleine
Diktskrivinga har nærast vore ein hobby for Martin, særleg etter at han pensjonerte seg frå arbeidslivet som snikkar. I 1993 miste han kona, Magnhild, og har budd åleine i det blå huset etter det.
– Eg har stelt meg sjølv med mat og klede. Kvar 14. dag har eg heimehjelp som vaskar golv og stryk klede. Ein sjukepleiar er innom eit kvarters tid to gonger i veka. Ungdomsvenene er vekkomne. Dei som lever att, er på aldersheimen. Eg trur eg er den einaste 90-åringen som bur åleine utan selskap. Eg pjaskar for meg sjølv, men kor lenge det går, er ei anna sak.

God kjensle
Martin Hjelme har fått gode tilbakemeldingar på dikta sine. Han veit at folk han ikkje kjenner, har ramma inn dikta hans og hengt dei på veggen. Å ha skapt noko som andre set pris på, gjev ei god kjensle.
– Det er noko eg har tenkt på. Dei aller første som bad om å få sjå dikta mine, var innflyttarar som var komne åt bygdene. Eg tok kopiar og sende dei. Eg måtte leggje merkje til at dei var innflyttarar.
– Kvifor trur du dei var meir interesserte enn andre?
– Nei, det er vel noko som heiter at ein ikkje vert profet i eiga bygd, seier Martin Hjelme.


No er eg gammal, tustet og grå
Og lever på lukkelege minner.
Glad for eg enno,
Får lytte og sjå.
Glad for eg enno,
Får rusle og gå.
Og perler på vegen vil finne.

Bingo – ?
Han ligg long og lat på benken,
Han er gammal kårmann og pengesterk.
Han skjenner litt på den minste drengen,
Og gikta riv og gjev ryggeverk.

Då kjeringa på golvet tek ein «svingo»
Og pudra pynta seg den unge fru.
Ho seier sjølv at ho skal på bingo.
Han skular olmt – er ho meg tru?

Han fyk opp av benken, vil spenne i taket.
Vil vere spretten og mykje kar.
Men du – du skulde høyrt på braket,
Han låg på golvet – han bestefar.

Han låg og gruvla og måtte tenkje,
Det var vel trulegt og nokså trist,
At ho vart pengesterk, ung og enke,
Og han ikkje lenger pensjonist.

Finns du enno?
Eg sit i stol ved peis og eld,
Og varmar rygg og lår.
I kalde gufs frå vinterkveld,
Er handa trøtt og sår.
Eg ser mot glo og flammeeld,
Eg minnest farne tid.
Det var ein vår, ein iskald kveld,
På veg heim frå kamp og strid.
Med hest og vogn... eit slite tog,
Ein rest av Norges hær,
I rastlaust jag om Lesja skog,
Forutan mat, i kongens klær,
Du jente bleik, men hjartegod,
Ein pakke kjeks du gav til meg.
Eg ser deg endå der du sto.
Eg kom frå krig... du gav slik fred.
Og finns du enno nokon stad,
So sender eg min beste takk,
For det du gav, og gjorde glad,
Ein sliten kar i skiten frakk.

Helsing 11495 Hjelme