Arbeider for å få fleire turistar

– Vi skal ikkje konkurrere med Geiranger, men samarbeide. Det seier Egil Berge, som etter møtet førre onsdag kan konstatere at Eidsdal Næringsutvikling AS er skipa.

12. januar 05
Randi Flø
Ei flytebrygge vil kome på plass allereie i år, planen er å byggje djupvasskai for å ta imot cruisebåtturistar i Eidsdal.
Berge er leiar i interimsstyret, og på skipingsmøtet vart det bestemt at dette styret skal halde fram til det vert halde årsmøtet no i mars.
Målet er å få bygd ei djupvasskai i Eidsdal, slik at cruisebåtar kan leggje til. Dette vil ta litt tid, og i mellomtida vil dei lage til ei flytebryggje slik at turistar kan gå i land og ta del i ulike opplevingstilbod som området har å by på. Flytebrygga er bestilt og kjem i mars.

Pakketurar
Egil Berge seier at føremålet med selskapet er å ta imot cruisetrafikk og arbeide for å få båtanløp. I dette ligg det også å arbeide for å lage til pakketurar for turistane, og her står det att ein god del arbeid. Han understrekar at dette gjeld ikkje berre Eidsdal, men heile Norddal kommune. I dag er det nesten berre Herdalen og Valldal Naturopplevingar med rafting som utgjer eit opparbeidd tilbod. Berge ser føre seg at ein må prøve å marknadsføre Norddal kommune meir aktivt. Han ser mellom anna på tilbod om gardsbesøk som nærast umetteleg og vil gjerne at vertar melder seg.
Berge meiner også at det er mykje som kan takast meir i bruk for å tilby turistane, Tafjord kan brukast meir, ein kan leggje opp til fotturar, jordbærplukking og anna. Dei kan takast med til Kilsti, og på sikt er det også planar om veg til Blåhorn.

Samarbeid
Meininga er at det er Geiranger Fjordservice og Geiranger Cruishandling som skal ta seg av å organisere turane. Håpet er å få det til slik at turistane kan gå i land i Eidsdal, få vere med på eit eller anna opplegg for sidan å bli køyrd til Geiranger i buss. På tilbaketuren kan bussane ta med turistar frå båtar i Geiranger.
Det er rekna med 50 prosent auka i turisttrafikken dei næraste åra. I Geiranger er det allereie trangt. Med så stor auke vil også interessa for fleire tilbod auke.
Marknadsføringa tek tid. Berge seier det vil ta 18 månader å marknadsføre eit nytt tilbod. Det som er viktig for området no er å få på plass tilbod og få dei til å fungere.
Han ser føre seg dei første åra no som spennande.
– Ikkje alle planar er klare, vi må få på plass flest mulig turar og opplegg, vi har notert mykje og håper på fleire innspel, seier Berge.
Arbeidet med djupvasskai vil gå parallellt.