|
|
Dette blir ei stor hending, der mange frivillige organisasjonar, lag og foreining-ar, kyrkja og kommunen spelar ei sentral rolle, der alle er med på eit løft til støtte for flaumoffera i Sør-Asia, seier ordførar Arne Sandnes.
Lysseremoni
Det blir ein lysseremoni ved nokre av tamilane i kommunen, og sokneprest Tore Bredeli skal ha ei andakt om lag midt i programmet.
Musikalsk organisator Anders Jørgen Gjerde fortel at det berre er lokale artistar som blir med. Dei har henta heim att folk som organisten Gunnar Inge Eide. Karen Løvoll frå Eidsdal stiller med song og akkompagnatør. Av andre solistar nemner dei Per Ove Ødegaard, Jenny Helen Wolsdal, Ingunn Linge Valdal og søstrene Årdal Skuseth. Valldal Skulekorps, Eidsdal Musikkorps og Valldal Songlag stiller også.
Kollekt til flodbølgjeoffer
Det kostar ikkje noko å kome inn, men det blir teke opp kollekt på.
Folk må ta med seg papirpengar. Eg håper verkeleg folk er rause, seier Arne Sandnes.
Ettertanke
Han legg til at det blir skapt ei kulturell ramme og god atmosfære.
Det blir ei stund for ettertanke og refleksjon rundt ein katastrofe som betyr noko for dei fleste av oss. Vi får tenkje over kor godt vi har det, seier han og kallar det ei solidari-tetshandling.
Sandnes håper begge kyrkjene vert fylte opp komande søndag til støttekonserten som vil vare i bortimot to timar, pakka med varme tonar og god stemning. |
|
|