Arbeidet i gang

Det knasa i gammalt treverk då ordførar Charles Tøsse sette seg ved spak-
ane i ei gravemaskin og tok dei første jafsa av den gamle aldersheimen i Stordal. Den 7. juli 2006 skal både første og andre byggjesteg vere ferdig.

19. januar 05
Randi Flø
Det går ikkje lange stunda å rive eit hus når ein brukar gravemaskin. Alt av verdi var fjerna før rivinga tok til.
Det er den aller eldste delen av Stordal alders- og sjukeheim (SAS) som no blir jamna med jorda. Idrettslaget har plukka ned taksteinen, som dei vil prøve å selje. I helga vart mykje av inventar og vindauge plukka ut og henta av den som ville.

Riving
Rivinga av den gamle bygningen og igangsetjing av nybygg vart markert måndag ved at Tøsse tok dei første grabbetaka og ruska ned ein del bordkledning og tilbygget på den gamle aldersheimen som har gjort si teneste sidan midt på 30-talet. Midt på 90-talet vart det skifta bordkledning.
Charles Tøsse sa at etter at den nye alders- og sjukeheimen er ferdig, skal namnet vurderast og kanskje blir det ein namnekonkurranse for heile området. Her ligg også omsorgsbustadene med ti bueiningar.
Nybygget ved SAS skriv seg frå 1974, med opphavleg 29 plassar.
Lars Joranger opplyste at gamlebygningen skal rivast frå ende til annan. I staden kjem det opp eit nybygg med plass til seks bebuarar på einerom. Dette blir ei skjerma avdeling, der det også blir eit lite kjøken og stove. Denne delen skal stå ferdig 16. desember i år.

Bygging
Men før denne avdelinga blir teken i bruk til det ho er meint til, skal 12 bebuarar flytte inn mellombels. Dei må bu to og to på rommet til heile renoveringa er ferdig. Då skal nemleg bygningsfolket ta fatt på den nye fløya av SAS. Institusjonen har i dag 19 plassar, dermed må det også finnast rom for dei resterande i resten av byggeperioden, fram mot sommaren 2006. Joranger sa at det kan verte aktuelt å plassere dei der legekontoret og helsestasjonen er i dag. Når rehabiliteringa er ferdig, blir det einerom for samtlege.
Den gamle delen inneheldt kjøkken, ei lite brukt spisestove, garderobe og personalrom. Kommunen har inngått avtale med Nilsgardstunet om bruk av kjøkenet der. All maten blir laga på Nilsgardstunet og køyrd til SAS.
For den nye delen av SAS blir det eigentleg berre skalet som blir ståande att. Det skal leggjast nytt tak og alle verandaer skal renoverast utvendig. Alle rom blir bygde etter nye krav, det same gjeld baderomma.
Leiar i byggjenmneda, Sindre Helland, opplyste at dei også skal rive heissjakta og byggje opp att i forhold til nye krav. Ny heissjakt var ikkje med i det opphavlege planane og innebar ein meirkostnad på rundt 800.000 kroner.
Joranger sa at det først var planlagt å flytte ut bebuarane og ta all renovering samstundes, det ville ha korta ned byggjetida med eit halvt år. Men politikarane valde å dele det opp i to byggjesteg.
– Det blir ei tøff tid for dei som bu her og jobbe her, på ein byggeplass med støv og støy, sa Joranger.
Ordførar Charles Tøsse sa at flytting også ville ha medført ein del ekstra kostnader, han viste til at pårørande hadde gitt uttrykk for at dei ønskte å ha sine i nærmiljøet.
– Eg håper og trur det skal verte ei god løysing. Det er teke omsyn til både bebuarar og pårørande, sa Tøsse og la til at ein må sjå fram til 7. juli 2006, som blir ein stor dag for Stordal kommune.

Kostnad
Heile renoveringa har fått ein prislapp på 36 millionar kroner inkludert moms. Frå staten kjem det eit tilskot på 26 millionar kroner, og kommunestyret i Stordal har gjort vedtak om at kommunen skal ta opp eit lån på 20 millionar kroner.
Hovudentreprenør er Christie & Opsahl, som hadde anleggsleiar Frank Flusund til stades på markeringa måndag. Han sa at det jamt over vil vere fem betongarbeidarar og fem tømrarar i arbeid i tillegg til folk frå underentreprenørane. Dei håper å ha råbygget tett fram til sommaren, slik at dei kan begynne å innreie etter ferien.