Brekkebakken akebakke

Ein kunne høyre dei langt unna, hyl av fryd, fart og kald snø. Oppe i Dale er det no ein opplyst akebakke langt unna bilar og med mykje mjuk snø på alle kantar.

26. januar 05
Alfred Nilsen
Håkon Døving i vill fart ned bakken på kjelke.
Leif Ivar Nerhus Dale tok initiativet og fekk med seg idrettslaget i Norddal på å lage opplyst akebakke. Idrettslaget hadde nokre armaturar etter ei gammal lysløype og Leif Ivar kosta montering og straum. Kjenner ein suget etter ein aketur, kan ein berre famle seg fram til brytaren rett under parabolen til Leif Ivar og Kirsti, og vips, er det lys.

Mykje fart
Brekkebakken er som skapt for aking, og etter at Leif Ivar fjerna eit tjuetals frukttre, preparerte bakken med ein traktor og bakskuffe, då kan ein ikkje få finare stad å ake. Eg står midt i bakken med kamera og ungar og vaksne susar forbi på kjelkar, akebrett og plastikk. Sistnemnde kanskje det beste, for det liksom avpassar farta. Med ein kjelke eller akbrett blir farta litt i meste laget. Men nokre beherskar det også.
Og ikkje før er dei komne ned, baksar dei seg oppatt og prøver ein ny vri på turen ned. På ryggen, på magen, i grupper og åleine. Når det først er så mykje snø kan ein like godt finne på slike ting. Kople ut mas med måking og leike seg som born saman med dei. Torsdag denne veka er det offisiell opning.