| Snøen som dalte stille ned denne søndagen kledde stemninga på dei lågmælte konsertane, sjølv om snømengda truleg gjorde at enkelte heldt seg heime i staden for å leggje ut på glatte vegar. Likevel møtte mange fram i kyrkjene som var pynta med levande lys både ute og inne.
Brass og blåsarar
Konserten opna med preludium og prosesjon med sokneprest, tamilar og arrangørar. Lillian Swampillai i himmelblå sari fekk æra av å gå først framover kyrkjegolvet. Etter hinduistisk skikk tende dei lys i ein stor gullfarga lysestake.
I Norddal kyrkje slo Eidsdal musikkorps an tonen med vakre koralar som berre reine brassband får til. I Sylte kyrkje opna Valldal skulekorps konserten med den dyktige solisten Cassie Novak på saksofon.
Verda er mindre
Ordførar Arne Sandnes ynskte forsamlingane velkomne, og viste til tragedien som skjedde andre juledag i fjor. Han siterte ein overlevande som sa: «Livet mitt som det var, er over.»
Verda vart mindre. Alle brydde seg. Tragedien vart din og min, sa ordføraren og siterte diktet «Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas der ho seier at «Det heiter ikkje eg no lenger. Heretter heiter det vi».
Ordføraren ynskte seg ei stille stund med mykje lys og mykje varme. Ynskjet vart innfridd. Talenta kom på rekkje og rad.
«Ved å gi at ein får»
Først ute av dei var Jenny Helen Wolsdal frå Tafjord. Ho opna med den kjende salmen «Det er makt i de foldede hender» og avslutta med «Himmelen i min favn», kjend frå Carola Häggqvist, akkompagnert av Håkon Myklebust, Anders Jørgen Gjerde og Vidar Skogly.
I Norddal kyrkje las Ann Kristin Lunden «Frans av Asissis bønn», der han mellom anna ynskjer «å bringe håp der det råder fortvilelse». Han seier «la meg ikke søke så meget å bli trøstet, som å trøste», og at det er ved å gi at ein får og ved å døy at ein står opp att til evig liv.
I Valldal song ungdomsskuleelevar «We are the World» og «Imagine» med fleire flinke solistar.
Felespelar Ingunn Linge Valdal og organist Gunnar Inge Eide kom langvegsfrå for å vere med på støttekonsertane. Ho spelte delvis åleine, delvis saman med den talentfulle organisten. Saman skapte dei ein dramatisk vri på ei kjend folketone.
Fleire katastrofar
Sokneprest Tore Bredeli heldt andakt over Første kongebok kapittel 19 der profeten Elias er i ei livskrise fordi han meiner Gud har svikta han. Soknepresten la dette ut i høve til naturkatastrofar.
Gud var ikkje i naturkatastrofen. Han var i det stille. Naturkreftene kjenner vi. Dei er avhengige av matematiske og fysiske lover.
Han viste til mange andre lidingar.
I Burundi blir hundretusenvis slakta ned. Verdssamfunnet ser ein annan veg, fordi det ikkje er pengar å tene på å gå inn der heller ingen olje. I Sudan er det seks millionar internflyktningar som er i ferd med å gå til grunne. Somme stiller Gud til ansvar for dette. Andre spør: Kvar er vi?
Store talent frå sørsida
Per-Ove Ødegaard frå Valldal opna den andre konsertavdelinga med den kjende «Eg ser» av Bjørn Eidsvåg og «Det enda som bär».
Karen Cecilie Løvoll frå Eidsdal avslørte eit kjempetalent i samarbeid med Cato Steinsvåg på gitar med «Lets talk about love». Gitaristen imponerte òg med song i «Into deep» som han har laga sjølv.
Organisten Gunnar Inge Eide stadfesta i to solonummer kor leikande dyktig han er. «Serenade» var den muntraste melodien på heile konserten. I «Ciacona i e-moll» viste han at han meistrar det store instrumentet som orgelet er.
Systrene Janne Gry og Linn Marie Årdal Skuseth frå Eidsdal har mykje å fare med. Dei song «Hero» og «I will come to you» der dei akkompagnerte seg sjølve kvar sin gong på gitar.
Liding gir styrke
Ein av tamilane las opp teksten til ein song som har blitt laga på Sri Lanka etter flodbølgjekatastrofen. Teksten var omsett til norsk, og handla om å bli fødd på ny. I songen spør dei kvifor Havmor som dei har tilbedd alltid og som kjende til lidingane deira, kokte over av sinne og tok mange liv. Songen avsluttar med at dei vil gjere tap og lidingar om til styrke. Dei skal gå vidare og nå livsgledene ein vakker dag.
Ein vakker dag
Søndagen vart ein vakker dag i kyrkjene. Valldal songlag fekk æra av å avslutte konserten i begge kyrkjene. Dei song «Tirna noir» med Mari Ruset som solist, og «You never walk alone» før heile saman med forsamlinga til slutt song «Deilig er jorden».
Kollekten i kyrkjene på begge sider av fjorden gav til saman 18.163 kroner, som skal delast i to. Den eine halvparten skal gå til offera for flodbølgja i Søraust-Asia. Den andre skal gå til born i Darfur. |