Kretsrenn i Fjellbakken

Godt over 20 deltakarar stilte til kretsrenn i Fjellbakken i helga. Det var deltakarar frå 5 til over 60 år. Deltakarane var frå Hornindal IL, Måndalen IL, Sykkylven IL og Stordal IL.

02. februar 05
Alfred Nilsen
Mange rekruttar prøvde seg i bakkane.
Dei starta i den minste bakken med K-punkt på 10 meter. Her hoppa det born frå fem til ti år. Og det gjorde dei før renna og heldt fram med det under heile meisterskapen. Her var det stor innsatsvilje og mykje moro.
I den neste bakken som var bakken med K-punkt 18 meter var det deltakarar frå 8 til 10 år. Her var ikkje deltakinga så stor fordi det krasja med eit sonerenn i langrenn i Valldal.
I bakken med K-punkt 50 meter var det tre deltakarar i aldren 13 år til junior. Den største bakken med K-punkt på 66 meter var det flest deltakarar i klasser frå 12 år til 60-69 år. Her fekk vi sjå mange flotte svev, det lengste på 70,5 meter. Det var det Håvard Moen frå Måndalen IL som presterte. Han fekk òg den høgste poengsummen i rennet på totalt 216,3 poeng. Han hoppa i klassen 15 år, og her kom Sindre Holtleite, Stordal IL på andreplass med poengsummen 203,1 poeng. I klassen 12 år hoppa Tommy Lianes, Stordal IL 66,5 meter og fekk poengsummen 214,1 poeng.
I klasse B hoppa Joakim Helland frå Stordal IL 67 meter. I klassen 30-39 år hoppa Terje Bergset og Gunnar Fenne, begge Stordal IL. I dei to eldste klassane hoppa Arnt Cato Eidem, Sykkylven, IL, Sindre Helland, Stordal Il og til slutt Jan Ringset, Sykkylven IL.
Det er eit flott anlegg i Fjellbakken og mange var i sving for å avvikle rennet. Vergudane heldt dropane vekk til premieut-
delinga var over.