|
|
Etter biblioteket i Stordal vart flytta til skulen i 1997, har utlånet auka jamt og trutt, fortel biblioteksjef Bjørg Moltu. I 1996 vart det lånt ut nokså nøyaktig 3.000 eksemplar i kommunen, medan talet kom opp på 7.800 i fjor. Dette gav Stordal ein andreplass i talet på utlån per innbyggjar, så vidt over åtte, og berre eit par hundredels bøker framfor Norddal kommune, som også runda åtte per innbyggjar.
Bjørg Moltu fortel at det i hovudsak er utlånet av barne- og ungdomsbøker som aukar mest, saman med andre medium, som lydbøker, filmar og CD-ar. CD-ane kom ikkje på plass i stordalsbiblioteket før heilt på tampen av fjoråret, så desse vil nok vere med å auke utlånsstatistikken for 2005 endå litt meir.
Når det gjeld dei vaksne, er utlånet jamt, opplyser biblioteksjefen, men dei låner meir og meir lydbøker. Dette er svært populært i alle aldrar, og ikkje minst er det ein fin måte for familien å oppleve noko saman, anten det er på biltur eller i staden for laurdagsunderhaldninga på fjernsynet. Lydbokutvalet for born og unge har vorte særskilt godt i Stordal, då biblioteket fekk 25.000 kroner frå Sparebanken Møre i fjor til dette føremålet.
Elles har ikkje stordalsbiblio-teket meir enn 34.000 kroner dei kan nytte til å kjøpe bøker, videofilmar, CD-ar og tidsskrift kvart år, attåt 6.000 kroner som er øyremerkte skulebibliotek-funksjonen.
Men trass i små midlar, er vi i utvikling og vekst, seier ein ivrig og optimistisk biblioteksjef Bjørg Moltu.
Fjerdeklassingane ved Stordal skule er særs ivrige lesarar. Desse representantane for standen var alle samde om at Roald Dahl, han er spanande å lese! Frå venstre: Sivanja Naguleswaran (som også likte «Snorkeprinsen» av Anne Østby svært godt), Jeffrey ten Dam (som set stor pris på Casper), Robert Sørås (som vart oppglødd av «All makt til mumien» av Yngve Frøyen), Synne Selboskar (som les mykje Bobseybarna) og Eirin Pedersen (som også liker Bobseybarna). |
|
|