Framhaldsskuleminne

Frå Gunnvor Hatlestad i Norddal og Volda har vi fått tilsendt tre bilete frå framhaldsskulen i Norddal i byrjinga av 1920-talet.

09. februar 05
Gunnvor Hatlestad
Personane her er dei same som på det andre biletet, bortsett frå at lærar Rognebakke manglar og Georg Myren er komen til. Dei to har sikkert bytt på å vere fotograf.
1. rekkje: O. Melchior, G. Lilleås, K. Indreeide, N. Ytredal, A. Løvoll, G. Myren, K.J. Lilleås, L. Kleiva.
2. rekkje: I. Alstadsæter, L. Løvoll, A. Nerhus, A. Dahl, M. Myklebust, T. Innset, K. Lund, A. Krohn.
3. rekkje: H. Hatlestad, O. Hatlestad, O. Kaldhussæter.
Skulen var felles for heile kommunen, men undervisningsstaden skifta og dette året heldt skulen til i kommunehuset på Dalebøen i Norddal. Bileta er tekne i nærområdet der.

Storparten av elevane er fødde i 1906 og 1907, men somme er eldre. Dei eldste er fødde i 1901 og 1902 (etter det eg har funne ut av ætteboka) – og om lag jamgamle med læraren Olav Rognebakke frå Voss.

Far min, Hjalmar Hatlestad, var ein av elevane, og han har gitt meg namna.

Mange har sikkert høyrt segna som fortel at bjørka voks opp på grava til ein ung mann frå Hjellane i Eidsdal. Ein gong på 1700-talet vart han dødsdømd for drap, avretta og gravlagd utanfor kyrkjegarden. Seinare vart så kyrkjegarden utvida, så han «kom innanfor».

Desse hendingane kan ein finne meir om i Norddal bygdebøker og ikkje minst i Astor Furseths bok «Vargtid». Kyrkjebjørka stod til 1956, då var ho så skrøpeleg at ho kunne vere ein fare for omgjevnadene, og ho vart felt.

Fremst: Olav Rognebakke, lærar frå Voss.
1. rekkje: Astrid Nerhus, Astrid Dahl, Tora Innset, Klara Lund, Aslaug Krohn, Margit Myklebust.
2. rekkje: Leonhard Kleiva, Nils Ytredal, Ingebrigt Alstadsæter, Olav Hatlestad, Leonhard Løvoll.
3. rekkje: Olav Melchior, Gerhard Lilleås, Karl Indreeide, Hjalmar O. Hatlestad, Karl Johan Lilleås, Oskar Kaldhussæter, Arne Løvoll.
Her ser vi framhaldsskuleelevane som «pyntar» kyrkjegardsmuren og kyrkjebjørka.