Har framleis tru på Gallerie Tafjord

Ordførar Arne Sandnes har framleis tru på at Gallerie Tafjord, sjølv om bjelken må flyttast og verken driftsmodell eller finansiering er på plass.

16. februar 05
Sissel Tiril rem
Ordførar Arne Sandnes har god tru på at Gallerie Tafjord blir realisert.
Nyleg møttest Marianne Heske, Arthur Buchardt, representantar frå Snøhetta og styremedlemmer i Oslo. Då vart prosjektet drøfta på nytt. Ein har gått bort frå glasbjelken i juvet på grunn av faren for steinsprang og kostnaden ved ei eventuell rassikring av bjelken.
– Bjelken skal flyttast, men ein har enno ikkje bestemt kvar han skal stå. Alternativa er oppå eller ved sida av hotellet på demningen, fortel Arne Sandnes.

Organisering
I tillegg til diskusjonen om korleis prosjektet skal bli sjåande ut til slutt, diskuterer ein òg organiseringa.
– Vi må bli samde om kven som skal drifte dei ulike tinga; om vi skal ha eit felles driftsselskap for hotellet og bjelken. Av omsyn til marknadsføring og mest mogleg rasjonell drift, kan det hende det er mest rasjonelt å ikkje ha mange selskap.
Det er fleire partar i prosjektet, Galleriet, hotellet og grunneigaren Tafjord Kraft.
– Det kan bli eit konglomerat av partar. Difor er det nødvendig å finne ein enkel modell der risiko og vinst blir rettvist fordelt, seier Arne Sandnes.

Nytt møte
Fredag skal styret møtast i Valldal for vidare diskusjonar. Då skal ein leggje fram ein analyse som viser kostnaden ved flytting av bjelken, og om demningen toler den ekstra belastninga som ein eventuell glasbjelke i tillegg til hotellet vil gi. I tillegg skal styreleiaren leggje fram eit forslag til drifts-modell.
Arthur Buchardt har ymta om større garantiar.
– Fylkesmannen kan i prinsippet gi garanti for eit eventuelt underskot på drifta, men dette er ikkje handsama. Det er òg positivt at galleriet er kopla til fylkesgalleriet. Slik har det ei forankring. Men verken Tafjord Kraft eller Norddal kommune har teke stilling til garantiar. Spørsmålet er problematisk. Det er umogleg å gi økonomiske garantiar etter kommunelova.

Optimist
Arne Sandnes er optimist og håpar at Gallerie Tafjord blir bygt.
– Prosjektet er i høgste grad framleis aktuelt, men det har gått tregare enn venta. Det er likevel trykk i alle partar. Snøhetta er opptekne med mange nye oppdrag, men både Marianne Heske og Arthur Buchardt står på.
– Blir prosjektet billegare for kommunen sidan prosjektet totalt blir rimelegare når ein går vekk frå ein frittståande glasbjelke over juvet?
– Nei, vi manglar framleis finansiering, og arbeider med å få på plass ekstern kapital som framleis manglar. Men vi reknar med å kome i mål viss pro-sjektet blir realisert, seier Arne Sandnes.