Generalprøve før neste år

Sist helg arrangerte Stordal Super G med rundt 76 løparar i same løypa som skal brukast under Landsfinalen for 11- og 12-åringar neste år. Rennet på søndag vart avlyst på grunn av snøvêr og vind. Dermed vart siste omgang frå laurdag teljande.

16. februar 05
Randi Flø
Erika Holand Tøsse og Emilie Endresen gler seg til Landsfinalen i Stordal neste år.
Magne Tøsse fortel at løypa fekk gode tilbakemeldingar både frå løparar og leiarar. Ho blir karakterisert som artig å køyre. Vêrgudane var ikkje heilt på arrangørane si side. Det tok til å snøe godt om lag midtvegs i løpet.

Lengre mellom
– I Super G er det lengre mellom portane enn i slalåm, men kortare enn i storslalåm, seier Erika Holand Tøsse frå Stordal og Emilie Endresen frå Ålesund, som går for Sykkylven.
Dei to har akkurat kome i mål, Emilie som den einaste jenta i klasse ti år, og Erika i klasse 11 år, der det er sterk konkurranse. Ho kjem inn med beste tid så langt, men det viser seg at Kaisa Muren frå Ørsta slår henne med 0,47 sekund.
Dei forklarer vidare at av og til er det hopp i løypa, her var det ikkje det, berre nokre kular, kunne Emilie konstatere. På Bjorli er det hopp i løypa.
– Er det så om å gjere å vinne?
– Ja. I Sparebanken Møre-cup kan ein vinne pengar. Det skal vere finale her i den cupen etter landsfinalen i Trondheim, for-
klarer Erika.

Landsfinale
Erika skal vere med i Landsfinalen i år. Det skal skje på Vassfjellet, og ho gler seg til det.
Men endå meir gler dei seg begge to til neste år. Då er det Landsfinale for 11- og 12-åring-
ar på Overøye, og begge skal vere med der, i lag med mange på same alder frå heile landet.
Emilie fortel at ho ikkje har rent så mykje, ho tok til for fullt med konkurransar i fjor. Erika har rent sidan ho var lita. Ho trenar minst to gongar i veka, men eigentleg kvar dag med unntak av onsdag. Frå tysdag til fredag er det kveldskøyring på Overøye, av og til reiser dei opp rett etter skulen.
– Får de tid til nokon annan idrett?
– Eg spelar handball også. Eg skulle eigentleg spele handballkamp i dag, men det er kjekkast å renne slalåm, seier Emilie.
Erika spelar fotball i sommarhalvåret.

Gutar får vente
Dei er begge opptekne av å begynne å slå portar. Det må ein når ein kjem i klasse 13-14 år. Dei forklarer at då kjem ein nærare. Det gjer ikkje vondt når ein har beskyttelse på armane.
– Kva med interesse for gutar og sminke, då?
– Det får kome seinare, er dei einige om dei to fartsglade jentene.