|
|
Stordal Alpinsenter ber Stordal kommune starte arbeidet med utarbeiding av reguleringsplan for eit område som vert omfatta av alpinsenteret sine utviklings-
planar. Anlegget på Overøye har eksistert sidan 1979, og det må gjerast større investeringar i området dersom anlegget skal kunne oppretthaldast og vidareutviklast.
Av planane dei ønskjer å realisere er nytt trekk parallelt med dagens, om lag 30 meter langre enn dagens, nytt barnetrekk, om lag 200 meter lengre, utviding og påbygging av varmestova, ny løypetrasé rundt Overøye-
nakken, tidtakarbu og lager. Det kan også bli aktuelt å byggje om delar av låven til Alf Overøye for billettering. På litt lengre sikt ser dei føre seg eit fjelltrekk frå Almåssæterområdet til Ausskjeret.
Reguleringsplan
For at alpinsenteret skal kunne gjennomføre planane, må det liggje føre godkjend reguleringsplan
I sakspapira påpeikar rådmannen at det er vanleg at den einskilde tiltakshavar sjølv står for utarbeiding av regulerinsgplanar som ikkje gjeld det offentlege. I saker der private aktørar eller selskap vender seg til kommunen og ber om kommunal utarbeiding av reguleringsplan, vil det vere viktig at kommunen vurderer dette nøye, ikkje minst opp mot den presedens dette kan skape for seinare saker. Overøye og Langsæterområdet er vel det området i kommunen der akti-
viteten på ulike felt vil vere stor eller størst i åra som kjem, og der truleg grensa mellom private og offentlege interesser kan vere vanskelege å trekkje, også i plansamanheng.
Samstundes har anlegget stor samfunnsmessig betydning, både når det gjeld utviklinga av området spesielt og Stordalssamfunnet generelt.
Både på grunn av kapasitets-
omsyn ved teknisk etat og ikkje minst på grunn av at dette regu-
leringsarbeidet er spesielt og nytt i høve til det etaten har arbeidd med tidlegare, meiner rådmannen det bør vurderast om det bør kjøpast inn arbeid utanfrå.
Næringsfondet
På kommunestyremøte kom Stig Falling (H) med framlegg om å endre grensene for reguleringsplanen noko, og det fekk han dei andre med seg på. Kommunestyret gjekk elles inn for at kommunen skal ta på seg reguleringsarbeidet. Samstundes ga dei formannskapet fullmakt til å vurdere og eventuelt løyve midlar frå det eigenfinansierte næringsfondet til kjøpe av tenester utanfrå. |
|
|