Årsfest for åttande gong

Alle bilte frå festen
Laurdag var det duka for årsfest i Stordalshallen for åttande gong. Og nok ein gong hadde stordalingane gått mann av huse for å oppleve revy, mat og dans. Denne gongen var det Dyrkorn-bygda som stod for underhaldninga.

2. mars 05
Alfred Nilsen
Eit knippe urinvånarar frå Dyrkorn.
Tradisjon tru opna årsfesten med utdeling av kulturstipend frå Stordal kommune og Pedroprisen. I år fekk tre personar kulturstipend på 5000 kroner frå Stordal kommune. Tommy Lianes og Sindre Holtleite fekk kulturstipend for sin innsats i hoppbakken og Maria Holand Tøsse for sin alpininnsats og for sitt songtalent. Satsinga i alpinbakken har ho no trappa ned til fordel for songen. Varaordførar Jonas Falch delte ut prisen. Pedroprisen gjekk i år til Bjarne Norli og Isolaft. Han fekk prisen for sitt arbeid med å utvikle Isolaft og si evne til å skape nettverk.

Og plassen heiter
Dyrkornbygdarane stilte opp med flagg og bunad og song av full hals før dein eine sketsjen etter dane andre blei trilla ut av ermet. Vi fekk møte Klyster Johansson, ein rotete svenske, før ei oppgitt husmor fortalde om sitt syn på hyttelivet der ein skokk menneske skulle betjenast på 45 kvadratmeter og matast frå ei steikepanne. Mat skal dei ha.
Nederlendaren –slik vi kjenner han frå Team Antonsen– spende på seg to moppar og tok seg av parketten i storstova til Einar. Programmet gjekk bra og framdrifta var det ingen ting å seie på. Mange innslag og morosame poeng bundne saman av samtalar ved kafebordet i det eit dekk rullar forbi og det blir konkludert med at det nok er Arnfinn som skiftar dekk oppe i bygda.

Utan tekst
Sketsjen trengande var eit glitrande innslag der ikkje eit ord blei sagt, men der alle fekk med seg kva vedkomande streva med. Ho fekk ikkje tak i dasspapiret, men eg forsto det slik at ho berre bles seg tørr. Flotte lydkulissar og kjempebra spelt.
Songen til DDE om vinsjan på kaia var skriven om til Svelan på kaia. Songen var flott framført og kulissane med sveler og born var genial.

Å bruke seg sjølve
Asgeir, sjefen over alle sjefar kom inn med motorsag og snakka om attgroing og Fuck for Forest. Han hadde planlagt eit nummer med kona, men ho fekk skjelven framfor naboar og kjende, ho lovde å sage og rydde i staden. Det gjekk mykje betre då dei øvde seg på Vikabøane. Ein gjeng ungdomar song West Life og kosa seg med det. Og så var det dama som skulle gjere seg klar til å dra på dans, medan mannen masa i det fjerne, ungane spydde og laga trøbbel for dama. Men ho fekk no på seg kleda etter mykje strev og såg rett lekker ut, men no veit vi kva som skjer bak fasaden.
Neste års komite blei presentert av Karius og Baktus i overbevisande spel før det heile enda i ein song av bortimot heile bygda slik vi kjenner ho i bunad og flagg. Dei hadde grunn til å vere fornøgde dei som hadde programmet i år, og flinke var dei å takke dei som hadde hjelpt dei med lyd, lys og musikk og som gjer dette kvart år for kvar komite.