Prosjekt friskare geiter

I Norddal har tre geitebønder bestemt seg for å bekjempe dei smittsame sjukdomane paratuberkulose, CAE og byllesjuke. Dei vil gjennom dette arbeidet vere med å etablere ei smittefri grunnstamme av norske mjølkegeiter og samtidig skaffe erfaringar som vil gjere det lettare for andre å gjennomføre dei same tiltaka. Eit omfattande arbeid som Stein Harald Døving, Petter Melchior og Åshild Dale/Jostein Sande ser fram til å nytte resultata av.

2. mars 05
Alfred Nilsen
Dei tre geitebøndene Stein Harald Døving, Petter Melcior og Jostein Sande i Norddal under arbeidet med innreinga av fjøsen i Gunnagarden som skal kunne ta imot mellom 250 og 300 kje.
Allereie på midten av åttitalet starta arbeidet med å skaffe midlar og nødvendig prioritering til dette arbeidet. Åshild Dale hadde minst ein finger med i dette, som styremedlem i det statlege Tiltaksfondet for småfe. Der vart dei første midlane til prosjekt friskare geiter utløyst. Jon Kåre Løvoll i Eidsdal var blant dei første som gjennomførte saneringsprosjektet på sin geitestamme, noko som geitebøndene i Norddal i dag kan dra nytte av.

Stort arbeid framom seg
Nødvendigheita av at alle tre geitebøndene i Norddal samarbeider er at dei deler beite og fjøs på Herdalen. Smitten skal vekk frå buskapane og for å gjennomføre det, startar jobben no under kjeinga. Kvart kje som kjem til verda skal «snappast» frå mora. Det vil seie at kjeet ikkje skal berøre innreinga i fjøset og at mora ikkje skal slikke kjeet. Så dei må vere til stades under fødselen, ta kjeet, gjere det reint, desinfisere det og flytte det ut frå fjøset. Og ikkje får det mjølk frå mora, så dei har hatt ein skikkeleg jobb med å skaffe råmjølk frå ku som kjeet får servert på flakse, som dei må lære det å drikke av. Minst ein halv liter råmjølk må kjeet ha før det kan gå over på syrna kalvegodt. Så er det nokon som har råmjølk å avsjå, så er det berre å ta kontakt.
Geitebøndene i Norddal har fått leige fjøset i Gunnagarden som dei har innreidd slik at det er i stand til å ta i mot mellom 250 og 300 kje. Hit blir kjea flytta når dei er i stand til å ta til seg føde frå foringsautomatane med kalvegodt.

Heinekje
Vi var på besøk i fjøset til Stein Harald Døving i Dale og fekk vere med når eit kje kom til verda. Natt og dag må dei vere tilstades, er ein ikkje det, misser ein moglegheita til å ta vare på kjea. Medan vi ventar på at geita skal trykke det ut av seg, er Stein Harald spent. Han står klar med hanskar og håper på eit heinekje, bukkar er ikkje like velkomne. Når ein skal bygge opp ein ny buskap, er det mødrene ein må satse på, bukkar får ein alltids tak i. Og denne gongen var det eit heinekje som kom til verda. Rett i hendene til Stein Harald før det gjennomgår prosedyren med vasking og desinfering. Så tar Harald, far hans, over og ber det med seg opp i kjellaren på huset der det er laga eit mottak som skal lære det å drikke. Om dei ikkje klarer å skaffe nok kje frå eigen buskap kan dei dra nytte av at Jon Kåre Løvoll har ein rein buskap. Dei får kjøpe kje av han som han sjølv ikkje skal ha. Det fins også andre buskapar ein kan få kje frå. Og den tredje moglegheita er å snappe kje frå buskapar i nærleiken, dette er svært arbeidskrevjande då dei må gjere dei same tiltaka i desse fjøsane.

Ekspertisen
Frå sentralt hald er det Nils Leine i Valdres som er prosjekt-leiar og koordinator for alle dei tjuetals buskapane rundt om i landet som er med på prosjektet. Lokalt er det kommuneveterinær Gunnar Valdal som har vore ein stor kapasitet i førebuingane og gjennomføringa til sanerings-prosjektet. Vil ein vite meir om prosjektet. kan ein finne mykje informasjon på: http://leine.no/htg/sanering/.

Og når våren kjem
Kjea som er snappa, kan ikkje gå på same beite som dei andre som skal til fjells og mjølke, så her vert det og ein jobb som skal gjerast. Geitene som skal til Herdalen og beite og mjølke, gjer dette for siste gong. Når dei kjem ned frå fjellet i haust, skal dei ikkje inn i fjøset att og mjølke, men rett til slakteriet. Så skal den nye reine buskapen ta over. Dette vil – om alt går slik det skal – gjere at helsa til geitene og miljøet i fjøsane bli betra og at dei produserer meir mjølk.