Utbygginga av breiband skyt fart

I Norddal kan om lag 70 prosent av telefonabbonentane få breiband i dag. No er fire av åtte sentralar utbygde.

9. mars 05
Randi Flø
IT-konsulent i Norddal kommune, Rune Sæther, fortel at fire av dei åtte sentralane i Norddal kommune no er utbygde for breibandstilkopling. Telenor har bygd ut to og Tafjord Mimer har bygd ut to. Dette er sjølvsagt dei fire mest lønsame sentralane, som det er flest abonnentar knytte til.
Med dette har også kommunen sin plan om å byggje ut alle sentralane sjølv også falle bort. Dei fire sentralane som står att, er på Omenås, Grønning, i Dalsbygda og ved Eidsvatnet.
Det vil seie at dei som i dag har høve til å knyte seg til breiband, er alle i Tafjord, alle i Fjørå, alle i Valldal nedanfor Jordbærstova, heile nedre del av Dalsbygda og nedre Eidsdal. På Linge skal dei i utgangspunktet kunne knyte seg til, men her er det framlies litt problem med kapasiteten på linja.

Fiber over fjorden
Sæther seier at det som no er aktuelt for kommunen, er å byggje fiber over fjorden – å leggje ein fiberkabel nede på botnen. På den måten får ein kopla saman dei kommunale einingane og tek samstundes med seg sentralane på vegen. Samstundes vil dei gå i dialog med Telenor og Tafjord Mimer for å få bygd ut dei siste sentralane.

Går ei stund
Sæther reknar med at det nok vil gå ei stund før heile kommunen er dekt. Ein kabel som blir lagd over fjorden, vil kunne brukast til telefoni i tillegg til data. Dermed kan kommunen leige han ut til andre.
Det er sett ned ei breibandgruppe med tre politikarar, tre frå administrasjonen, ein konsulent og ein frå elverket. Dei skal ha møte i neste veke for å sjå på den vidare framdrifta i arbeidet med å få full breibandsdekning i heile kommunen.
Dei som lurer på om dei kan få breiband til sin telefon, kan gå inn på adsl.no på internett for å sjekke.

Ikkje alle
Heller ikkje i Stordal er det full dekning enno. På Dyrkorn har dei ikkje tilgang til breiband og ikkje fram gjennom dalen. Det blir også arbeidd for å få breiband på setrane.