|
|
Landsfinalen gjekk på Vassfjellet alpinsenter i Klæbu ved Trondheim under gode forhold. Det var i alt 110 gutar og 70 jenter frå heile landet som stilte til start . Fredag var det Super-G, laurdag storslalåm og søndag slalåm.
Resultat
På fredag vart Erika Holand Tøsse nummer 20. Erik Nakken Nilsen og Vegard Busengdal kom eit stykke nede på lista, men begge kom på premieplass.
Laurdag var det storslalåm, og her slo Erika til med ein femteplass, og ikkje nok med det, ho vart best av alle 11-år-ingane. Også Vegard er berre 11 år, og får dermed vere med neste år, når Alpin landscup skal arrangerast på Overøye.
Søndag var det storslålåm, og her låg Erika på sjuande plass etter ein første omgang der ho ikkje hadde full klaff. Det hadde ho derimot i andre omgang, og køyrde inn til nest beste omgangstid, berre 4 hundredelar frå beste tida. Ho slo mellom anna ho som vann.
Også Vegard gjorde det svært godt på søndag. Han vart nummer ti etter ein spesielt god andreomgang. Han vart tredje beste 11-åring. Og Eirik kom også på premieplass på søndag.
Stordal neste år
Rennet på vassfjellet var eit flott teknisk arrangement, og neste år er det Stordal sin tur å arrangere Alpin landscup for 11- og 12-åringar på Overøye. Mange gler seg til å kome dit. Når eit slikt arrangement ikkje blir lagt til ein større by, blir det også lettare å få til ei sosial ramme rundt. Unge løparar er gjerne opptekne av meir enn den reine konkurransen, og ser fram til å møte jamaldringar med felles interesse. Det skulle forholda ligge til rette for i Stordal.
Faktisk veldig gøy
Det var faktisk veldig gøy, fortel Erika Holand Tøsse etter at ho er tilbake i Stordal.
Det var første gongen ho var med på eit landsrenn og seier det var ei stor oppleving. Ho kjende ein god del av dei andre deltak-arane frå ei ungdomssamling på Ål. Og no i helga vart ho kjend med endå fleire.
Var du nervøs?
Eg vil ikkje bruke ordet nervøs, men litt spent var eg, seier 11-åringen.
Ho fortel at ho trenar kvar dag med unntak av onsdag, for då skal ho ha fri. Og ho gler seg allereie til neste år |
|
|