Mange handverkarar på same stad

Midt i Eidsdal sentrum i lokala til tidlegare Skjortefabrikken vil Lisa Lotte Larsson opne Håndverkshuset.

16. mars 05
Alfred Nilsen
Det er mange ting som skal på plass og her blir nokre varer levert og Lisa Lotte skriv signatur til sjøfår for Mørebil, Knut Grønningsæter.
Tidleg på vinteren 2004 starta ho med å realisere ein ide ho hadde hatt ei stund. Ho har fått kjenne på kroppen korleis det er å reise rundt og prøve å selje produkta sine. Ofte er det dyrt å få plass på messer og det går mykje tid til reising. Enn om ein kunne samle mange handverkarar i same hus og nokre tok seg av salet for alle, tenkte ho. Og dermed var ho i gang med å kontakte det nettverket ho sjølv hadde. I tillegg fekk ho svært god hjelp av husflidskonsulenten i Møre og Romsdal, Randi Hole, med både utvikling av ide, og fleire kontaktar.

Alle desse turistane
Med utgangspunkt i Keramikkfabrikken sine eigne lokale i Skjortefabrikken i Eidsdal spekulerte ho på korleis få alle dei som reiser forbi til å stoppe. Med eit hus fullt av ulike handverksprodukt, ikkje berre sine eigne, vil huset bli mykje meir interessant for reisande. Huset er stort og har store opne rom som passar perfekt til dette føremålet. Og huseigarane har vore meir enn positive og bidratt på mange vis. Når fasaden er på plass og bussane tek til å køyre forbi, håper ho at nokre av dei vil stoppe og handle. Ein kafé skal det også vere. Den er allereie ferdig og her skal det serverast kaffi og enkle rettar.
– Vi har kapasitet til å servere ei stor bussgruppe om gongen, seier Lisa Lotte.

Mange telefonar
Alle dei handverkarane ho sjølv har treft på sin veg, blei kontakta og mange tende på ideen og er med i dag. Til no er det over 30 handverkarar som skal ha varer i Håndverkshuset til sesongen. Hurtigruta er kontakta, reiselivslaget i Ålesund, miljøet i Geiranger og cruiseselskap i Bergen og Oslo. Og mange er positive og vil kome å sjå. Lisa Lotte er klar over at dette vil bli eit spennande år, og at dette året vil vere eit marknadsføringsår der folk kjem for å sjå på kva huset har å by på.
– Men vi skal jobbe hardt for å nå måla våre som er å få bussturistane inn for å sjå på kva handverkarar frå heile fylket har laga, seier ho.

Norddal Husflidslag
– Utan Norddal Husflidslag hadde eg ikkje greidd dette, seier Lisa Lotte. – Dei har vore så positive og stilt opp på mange forskjellige måtar, audmjuk blir ein av at andre stiller opp på denne måten og trur på det same som eg gjer. Mange av medlemmene i husflidslaget skal ha stand i huset i tillegg til at dei skal ha ein felles stor stand. Til sommaren blir ikkje den vanlege husflidsmessa i Valldal arrangert, men på Håndverkshuset kan ein kome for å sjå eller kjøpe lokalt handverk. Det er også lagt opp til at turistane kan delta i ein enkel aktivitet, prøve seg som handverkarar og ta med seg ein liten ting heim.
Påska
Då kjem mange av handverkar-ane og hjelpar til med oppussinga av utstillingslokala, kafeen opnar og loddbøkene som allereie no er på full fart rundt i bygdene med Husflidslaget si hjelp, blir trekte. Og premiane er sjølvsagt handverk som deltakarane har gitt til dette som er blitt ein kjempedugnad, der alle er med og hjelper dette prosjektet i gang. Kafeen skal Ytterdal/Rønneberg helselag ta seg av.