|
|
Big Odd Band som samlar sunnmørsungdom mellom 15 og 25 år, hadde hatt øvingshelg i Stordal saman med dei sju vokalistane som var hyra inn for dette høvet. Den einaste representanten innanfor Skotet, var Maria Holand Tøsse.
Standardlåtar
«Big Odd» alias Odd Fossum losa oss gjennom to sett med storbandmusikk. Big Odd Band hadde full kontroll med klatreveggen som bakteppe, og vi vart sugde fast frå første tone.
Opningsnummeret var «Rusk og rask» signert Lars Erik Gudim, uten at det seier noko om kvaliteten. Det svartkledde storbandet heldt fram like stødig, utan nøling verken frå solistar eller andre. Alle som har spelt sjølve, veit at det ikkje er så lett som det høyrest ut.
Etter tur kom dei sju vokalistane opp og song gode, gamle standardlåtar. Sigrun Eggesvik frå Sykkylven fekk æra av å synge først, og opna med «My Funny Valentine» med klokkeklar røyst.
Mikrofonen bytta hender og vi fekk høyre «Im beginning to see the light», «September in the Rain» og «That Old Devil Called Love». Etter at Maria Holand Tøsse hadde sunge «Misty», kom dei første lokalpatriotiske tilropa i salen.
Trass i den unge alderen, fekk vi høyre modne stemmer med innleving og sikker framføring.
Rekka av roleg søndagsjazz vart broten av den rytmiske Tower of Power-låten «Attitude Dance» med Kari Harneshaug frå Harøya som solist og alle dei andre jentene i kor.
Hald dykk fast! Skru av høyreapparata, var oppmodinga frå dirigenten før det braka laust.
Sjølv om han sa at han ikkje skulle danse, må ein vel karakterisere hoftevrikkinga til dirigenten som noko nokså nært dans.
Latinorytmer
I velkjend tøysete stil batt Odd Fossum saman programmet, og bad om ein pause til kaffi og kaker. Han passa på å takke både ungdomsklubben og musikkverkstaden for rigging, lyd, lys og kaffisal, og ikkje minst foreldre som hadde fått ungdommane både i seng og i kleda denne øvingshelga.
Det andre settet opna med at pianist, bassist, gitarist og trommis heiv seg inn i latinske rytmer og slik kalla resten av bandet på podiet. Assosiasjonen til sirkusmusikk var der heilt til både dirigent og bandmedlemmer stemde i med «Meuve te» (rør deg). Jentene vart vinka opp på podiet for å kore til mamboen, komponert av ein finne.
Overraskinga som vi var lovte på førehand, var den unge solisten Vebjørn Steen ikkje skulle spele trompet, men fiolin.
Han framførte «Fly Me to the Moon», og publikum svarte med ståande applaus.
Den ungdommen, den ungdommen, sa dirigenten, han blir vel dyrlege eller noko sånt.
Fullt trykk
Jentestemmer kan bli litt spede i storbandtrøkket, men då Maria Holand Tøsse kom på scena att og song «The Lady is a Tramp», drog ho til alt ho hadde.
Siste settet vart avslutta med «In the Storm» av Earth, Wind & Fire med Ingrid Håvik som solist og alle jentene i koret, og sjølvsagt vart det ekstranummer.
Ikkje berre for særingar
Det skjer mykje bra på bygdene no til dags. Dei som ikkje kom seg opp av godstolen denne kvelden, forsømde seg.
Som han sa han Sindre Ringseth:
Då vi byrja å reise på Moldejazz, vart vi sett på som særingar, men no er jazzen over alt. |
|
|