|
|
Optimistprisen vart stifta av Ida Drage og Per Kleiva i samarbeid med Norsk Fjordsenter i Geiranger i 2003. Ideen kom då kunstnaren Per Kleiva med røter i Eidsdal, stilte ut grafiske trykk på Norsk Fjordsenter same året.
Prisen skal gå til ein person, eit lag, ein organisasjon eller ei bedrift i Storfjord-regionen, som gjennom ein periode har vist særskilt mot og optimisme for det dei står for, eller at dei gjennom handling har vist evne til omstilling og tru på framtida.
Inspirert av pessimist
Lupinen kafé var fyld av gjester og tilsette som var inviterte til prisutdeling og lunsj då optimisten skulle feirast.
Dagleg leiar ved Norsk Fjordsenter, Finn Helge Nustad, stod for prisutdelinga, og fortalde om korleis ideen om prisen oppstod.
I samband med utstillinga på fjordsenteret trefte Ida Drage og Per Kleiva ein person rundt 1. mai som var veldig negativ. Alt var svart. Han var ein skikkeleg pessimist. «Og om ein og ein halv månad snur sola», sa han til slutt. Då ropte Ida: «Ver optimist! Ver optimist!» Seinare spurde paret om ikkje fjordsenteret ville vere med på å lage ein optimistpris. Vi vart samde om statuttane, og den første prisen gjekk til Ole-Håvard Stavseng og Stordal Møbler etter ynske frå Per Kleiva sjølv.
Ein grå katt
Finn Helge Nustad fortalde at han hadde spurt Karl Mjelva på Union Hotell om han kjende til arbeidsmetoden til Ragnar Lødøen.
Karl Mjelva sa at kvar einaste gong det var fylkesting på hotellet, for Ragnar Lødøen som ein grå katt i korridorane. Han tok aldri eit nei for eit nei. Vart dei lei maset ditt, undra Finn Helge Nustad, før han på vegner av Ida Drage og Per Kleiva delte ut diplom, blomar og trykket «Frå andre sida» av Per Kleiva.
I tillegg til kunstnaren sjølv sat styremedlem i fjordsenteret, Rita Berstad Maraak, marknadssjef i Koppernæs AS, Leif Magne Klubbenes og dagleg leiar for fjordsenteret Finn Helge Nustad i juryen.
Takk til kona
Ragnar Lødøen takka for prisen, og sa at slikt gir ny energi og er som statuttane seier, ein pris til motivasjon og inspirasjon. Han var raskt ute med å gi mykje av æra til kona Unni.
Når folk seier til meg at Muritunet kom takk vere meg, sender eg alltid takken vidare til henne.
Prisvinnaren retta òg ein takk til avdøde Siri Starheim i Na-sjonalforeningen for folkehelse.
Utan henne og nasjonalforeininga, ville vi ikkje ha fått til Muritunet. Statssekretær Bjørn Martin Aasen var òg ein viktig støttespelar. Han forstod det med rehabilitering.
Lokalt peikte han på kommunen og ordførar Arne Sandnes som viktige medspelarar.
Arne Sandnes var med i interimsstyret. Vi hadde eit godt samarbeid med kommunen, og fekk mellom anna gratis straum dei første åra.
Tøff start
Ragnar Lødøen fortalde at dei tilsette fekk store utfordringar i starten, men at det gradvis gjekk framover.
Som sjef er det ein klisjé å seie at ein ikkje hadde klart noko utan dyktige medarbeidarar, men eg meiner det. Eg har sett stor pris på kvar og ein. Det har vore ei ære å få arbeide på Muritunet.
Optimistprisvinnaren har sjølvsagt framtidstru.
Muritunet har kome for å bli. Fagleg sett er senteret høgt oppe, og viser god effektivitet. Tusen takk for prisen. Han skal henge på Muritunet, sa Ragnar Lødøen og gav han vidare til etterfølgjaren Espen Remme, som han meiner har løyst oppgåva som leiar på ein glimrande måte.
Ærefullt verv
Administrerande direktør for Muritunet, Espen Remme, sa at han overtok eit ærefullt verv etter Ragnar Lødøen.
Då eg fekk vite om prisen, såg eg for meg tre dimensjonar: den historiske, dagen i dag og framtida. Historisk kan eg seie at eg har lært mykje av måten Ragnar Lødøen tenkjer på. Han er ikkje dusinvare. For dagen i dag kan vi seie at prisen er ein klapp på skuldra til alle som sit her. Muritunet er ein særmerkt institusjon, og det er ein unik innsats som blir gjort. Når det gjeld framtida, må vi av og til i media og sende røyksignal. Når vi er urolege for framtida, er det for å få støtte.
Midt i blinken
Ordførar Arne Sandnes sa at Optimistprisen er midt i blinken for Ragnar Lødøen.
Det er så mykje snakk om kvalitetssikring om dagen. Eg kan kvalitetssikre at Ragnar Lødøen er den rette vinnaren. Vi var i lag omtrent annankvar dag i ein periode for å få dette til. Han har tru. Han er som ei kork. Når ein prøver å trykkje ho ned, sprett ho opp att. Når han fekk eit nei, tolka han det som eit førebels ja. Då var det berre å gå vidare. Eg er ikkje i tvil: Utan Ragnar Lødøen, hadde vi ikkje hatt Muritunet.
Arne Sandnes refererte òg til gjestfridomen som Muritunet er kjent for.
Folk seier at dei kjenner seg som gjester her. Dei er ikkje pasientar.
Teigen og duskedamer
Før Espen Remme kunne invitere alle tilsette og gjester til lunsj, vart ein radio boren inn i kafeen.
Blir det magedans, undra Ragnar Lødøen optimistisk, før han vart kommandert til å setje seg på ein pinnestol.
Frå radioen strøymde «Optimist» med Jahn Teigen, og frå kjøkkenet kom tre arbeidskledde damer dansande inn i kafeen. Det gjekk ikkje lenge før optimisten sjølv tok del i dansen. Og som i songen gjekk det bra til sist. |
|
|