|
|
Formannskapet fekk saka på bordet sidan kommunen er ein av høyringsinstansane, då Ørskog Energi har sendt søknad til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om fritak for leveringsplikta.
Nettleige
Lars Kristian Øvrebust (Sp) meinte det ligg eit prinsipielt spørsmål i saka: Kvifor skal vi betale nettleige, den skal då gå til utbygging også? spurde han.
Ingrid Løset (Sp) peika på at det er distrikta som leverer straumen, og at kraftlinjene som forsyner sentrale strøk, går gjennom bygdene. Ingen stiller spørsmål ved kva som blir ofra. Ho siterte ei gammal dame på Mo som i førekant av utbygginga og vidareføringa frå Tafjord sa at Stordal kjem til å sjå ut som ein harpeleik.
Vi må jobbe hardt for at dei skal få ha straum på desse gardane, sa Vigdis Hove Øie. Ingen var usamd med henne i det.
Dårleg stand
Bakgrunnen for søknaden om fritak er at ei linje som går frå Fausa Kraftstasjon i Stranda til Vidhammer i Stordal er i dårleg forfatning. Linja vart bygd på midten av 50-talet og forsyner tre mindre trafokretsar med straum. I dag er det berre fritidsbustader knytte til anlegget.
I søknaden skriv Ørskog Energi at det er to muligheiter for å oppretthalde forsyninga i området. Det eine er å ruste opp linja til ein akseptabel stand, det andre er å byggje heilt ny linje. Ørskog Energi meiner at å ruste opp linja ikkje er realistisk etter som ingen av enkeltkomponentane kan brukast opp att. Ny linje er derfor einaste muligheit.
Svein Haugen, administrerande direktør i Ørskog Energi, sa i radioen før helga at han ser føre seg at energiverket kan vere med å dele på utgiftene til aggregat til dei tre gardane. Han hadde teke påskeferie då Storfjordnytt prøvde å få ein uttale i går.
Ørskog Energi AS er i 100 prosent kommunalt eige, av kommunane Skodje, Stordal og Ørskog.
Arbeid på dugnad
I tillegg til kommunen var også dei som eig dei fem husa på andre sida av fjorden inviterte til å uttale seg. Dei har samla seg om ein uttale, der dei peikar på at heile kostnaden på linja, som vart påsett straum i 1957, var på 55.000 kroner. Ein av grunnane til den rimelege kostnaden var at grunneigarane på dei tre bruka var svært aktivt med. Arbeidet deira utgjorde truleg mellom 15 og 20 prosent av dei totale kostnadene.
Dei stiller også spørsmål ved bruken av ordet fritidseigedommar, og viser til at dei har status som andre fråflytta gardsbruk i kommunen. Dei peikar på at desse bruka utgjer noko langt meir enn fritidseigedommar, ikkje minst i kulturell og samfunnsmessig samanheng.
Desse bruka vert passerte nært opptil av svært mange turistar. I alle år har dei lagt vekt på å presentere bruka, både bygningar og kulturlandskap, mest mulig velhaldne og stelte. Tilgang på elektrisk energi har hatt umåteleg stor betydning i så måte.
Torskeoppdrettsanlegg
Grunneigarane peikar også på planane om torskeoppdrett ved Skjortneset, og at det då er viktig med tilgang på elektrisk kraft. Det er også opna for å byggje seks hytter på Vidhammer. Det kan verte aktuelt også på Skjortneset.
På alle bruka er det taubane frå sjøen og opp til husa, der trekk-krafta er basert på elektrisitet. Taubanene er heilt uunnverlege til transport av material til vedlikehaldsarbeid. Dei ottast at utan straum vil desse bruka verte langt mindre attraktive og at bruken vil minske betrakteleg.
Grunneigarane stiller også spørsmål ved Ørskog Energi sin påstand om at det ikkje er mulig å ruste opp den gamle linja. Etter deira syn er det som har vore svakheita ved linja heilt sidan ho var ny, at trådane har vore for svake, særleg der spenna er lengst.
Dei meiner at å avvikle denne linja vil vere eit stort kulturelt og samfunnsmessig feilgrep og fråråder på det sterkaste at NVE gir løyve til det. |
|
|