|
|
For folk flest i Eidsdal og elles i Norddal kommune er det nok frivillig dugnadsinnsats for kulturlivet i bygdene Bjarne Rønneberg først og fremst blir verdsett for. Uendelege timar har han brukt på musikklivet i kommunen, noko han også har blitt heidra med kulturprisen for. Bjarne seier at kulturengasjementet har betydd alt for han, og at livet hans har vore avhengig av song og musikk.
I påska var det den næraste familien som heidra Bjarne. Saman med to døtrer og to søner og deira familiar, barnebarn og til saman ti oldebarn vart jubileet feira til gangs. Og det er ein sprek 90-åring som kan minnast eit langt og innhaldsrikt liv i Eidsdal. Det er berre halvanna året sidan han flytta frå Rønneberg. I det siste har han budd på eldrebu-staden, der han trivst godt og skryt av all den gode hjelpa han får. Eit lite skår i gleda er at kona Helga har måtte flytte på sjukeheimen i Valldal, slik at dei no bur på kvar si side av fjorden.
Kjøt og fiskemat
Bjarne vart slaktarlærling hos Oskar Gjærde på Stranda som berre 15-åring. Han tente på gard i bygda om sommaren, og då vinteren kom ville han helst finne seg jobb. Det var vanskeleg å finne jobb, og han vart læregut med kjøt- og fiskemat.
Eg har aldri vore nokon jeger, og likte ikkje jakt og slakting om haustane. Eg kan ikkje heilt forstå at eg skulle bli nettopp slaktar, humrar Bjarne.
Det var likevel mykje slakting i åra som følgde. Slakting og fiskematproduksjon vart profesjonen hans. Og Bjarne vart etter kvart velkjend for produkta sine.
Etter læretida kjøpte eg med meg maskiner heim til Eidsdal og tok til som slaktar. Det var litt vanskeleg å gjere det bra på kjøt, for folk hadde stort sett det dei sjølve trong. Eg reiste difor mest rundt på gardane og slakta, seier han.
Betre gjorde han det på fiskematen. Han fekk fisk frå Ålesund, og laga all slags fiskemat. Pudding, kaker og bollar. Produkta var populære, og før krigen leverte Bjarne på butikkar i heile Norddal kommune frå lokala sine i Øygarden.
Då sonen til Bjarne tok over gardsdrifta på Rønneberg for tretti år sidan, innreidde Bjarne produksjonslokale for fiskemat i kjellaren på det nye huset sitt. Her vart all slags fisk foredla til all slags fiskemat av han og kona. Og salet tok Bjarne seg av sjølv. Med bilen sin køyrde han rundt i bygdene og selde på dørene.
Kjempa i krigen
Det var utbrotet av den siste verdskrigen som resulterte i eit langt opphald i fiskematproduksjonen til Bjarne.
Eg fekk mobiliseringsordre og beskjed om å gå mot den tyske krigsmaskina. Vi hadde lite erfaring frå førstegongsteneste, men 10. april 1940, allereie same dagen som vi møtte på Setnesmoen på Åndalsnes, fekk vi utlevert uniform og utstyr og vart sette på toget til Dombås. Gjennomvåte frå marsjering tid-legare på dagen måtte vi spa opp stillingar for mitraljøser og stå vakt heile natta. Morgonen
etter var uniformene så stivfrosne at dei stod av seg sjølve. Det er eit under at vi ikkje fraus i hjel. Vi vart ikkje sjuke ein gong, og det kom nok av at alle mann var veltrente og i god form, seier han.
Frå stillingane sine på Dombås skaut dei ned mange tyske fallskjermsoldatar. Og det tunge oppdraget gav meining då soldatane fann ut at Kongen og regjeringa klarte å flykte til Åndalsnes via Dombås grunna dei.
Hadde ikkje vi vore der, hadde tyske fallskjermsoldatar stått på Dombås og venta på det viktige følgjet, fortel Bjarne.
Frå Dombås vart Bjarne og infanteriregiment 11 sendt til Kvam, der dei kom i kamp mot tyske styrkar.
Eg var i mitraljøsetropp og den natta vi fekk ordre om å opne eld, tenkte eg nok at her vert eg liggjande. Men vi hadde dyktig troppsbefal og vi klarte å halde tyskarane tilbake. Då tyskarane seinare pressa på med panserbilar, trekte vi oss tilbake og opp i skogane. Det var ei stor påkjenning, og å trekkje seg tilbake kjendes som å få forlenga levetid, minnest Bjarne alvorleg.
Strabasiøs tilbaketrekking
Etter denne natta på Kvam rømte Bjarne og medsoldatane hans på lastebil til Otta. Om kvelden og natta marsjerte dei nordover, medan dei heldt seg i skogane om dagane. Då flaug flya over dei utan stopp.
Vi gjekk i tre døgn utan mat. Vi fekk kun i oss vatn. Då vi kom til Lesja, fann vi eit forlate norsk feltkjøkken, der vi fann boksar med flesk, kjøt og erter. Då vi fekk varma det opp, viste det seg å vere to skeiblad med mat på kvar mann. Men det var ingen av oss som klarte å ete opp. Når det vart så lite, kunne det like godt vere. Då kan du tenkje deg vi var svoltne. Vi svalt så det reiv i magen, hugsar han.
Med tog til Åndalsnes, marsj til Isfjorden og båt til Gjermundnes var krigen over for Bjarne sin del. På Gjermundnes leverte han uniform og våpen Kristi Himmelfartsdag, i mai 1940.
Nekta repetisjon
Eg var aldri redd under krigshandlingane. Men alle forstod vi godt at det var svært mogleg at liva våre enda der, seier Bjarne, som var ein av fleire frå vår kommune som var i kampar ved Kvamsporten.
Han kan aldri gløyme det han opplevde i Gudbrandsdalen desse dramatiske vårdagane i 1940. Han har likevel ikkje hatt problem med opplevingane sine i ettertid. Då han derimot etter krigen vart kalla inn til repetisjonsøving, tok han eit klart oppgjer med det militære.
Kven skulle repetere kva? Dersom det var nokon som hadde behov for repetisjonsøving, så var det befalet vårt, og ikkje oss, seier Bjarne.
Han var svært skuffa og opprørt over det han oppfatta som dårleg militær leiing under krigskampane.
Bataljonsstaben vår på Kvam rømde derifrå og forlét oss utan klare ordrar, seier Bjarne.
For å ha nekta denne tenesta vart Bjarne sendt til Hustad leir ein månad som straff. For Bjarne hadde dette blitt eit viktig prinsipp.
Tilbake frå krigshandlingane tok Bjarne opp att gardsdrifta på Rønneberg, som var av det tryggaste ein kunne gjere på den tida.
Spelemann
For Bjarne har musikken vore alt. Han kjøpte tidleg sitt første trekkspel, og var i ung alder ein mykje brukt spelemann i bygdene på indre. Før det var vegar gjekk han gjerne eit par timar med trekkspelet på ein kjepp over skuldra til Geiranger for å spele til dans.
Ei jul spelte eg i fire bygder fire kveldar på rad. Første kvelden i Eidsdal, neste i Dalsbygda, før Lia-bygda og siste i Stordal. Det musikalske har eg nok arva frå far min. Han var ein halden spelemann på fele. Men fela fekk eg aldri heilt teften for. Det er trekk-spelet eg har levt og anda for, fortel Bjarne.
Men slett ikkje berre åleine har Bjarne drive musikken. For han har musikk og kulturlivet vore ein viktig sosial ingrediens i livet.
Eg begynte i songkoret i Eidsdal då eg var konfirmant. Eg var i koret Fjelljom i over 50 år. Og då koret vart utan dirigent og heldt på å sovne inn på 1950-talet, gjekk eg dirigentkurs og tok over som dirigent, fortel han.
Bjarne stod også i mannskoret som var i bygda før i tida. Han dirigerte til han vart om lag 70 år gamal, og har fått diplom og høgste utmerking frå det norske songarsamlaget for innsatsen sin. I mange år var han også dirigent for Eidsdal musikkorps og han var aktiv i leikarringen til ungdomslaget i bygda. Det har blitt fleire utmerkingar og prisar, mellom anna kulturprisen frå kommunen i 2001. Bjarne har vore ein sann primus motor for musikklivet i Eidsdal, og han har blitt sett pris på.
Musikkarbeidet har betydd alt for meg. Eg veit ikkje kor mange liter bensin og kor mange timar frivillig arbeid eg har brukt på musikklivet. Eg har aldri tatt betalt for noko, men det har gitt meg så mykje tilbake. Eg er svært glad for å høyre at det også i dag går bra for musikkorpset i Eidsdal, seier han.
Idrettsmann
Også i skisporet har Bjarne vore ein markant person. I ungdomstida, før han gifte seg rett etter krigen, var han rundt i mang ei sunnmørsbygd på krinsløp i langrenn. Dei var eit solid lag frå Eidsdal på den tida, og Bjarne hugsar mange gode stunder saman med laget sitt. Det var sosialt og triveleg.
Under eit løp i Volda gjekk eg med startnummer 12. Ein annan eidsdaling starta først, men hadde ikkje ein god dag. I ein bakke hadde eg teke han att, men i det eg skulle opp bakken small skia mi i to. Eg fekk tilbodet om skia til lagkameraten, men takka nei. Eg gjekk resten av løpet med kun bakski på venstrefoten. Likevel klarte eg å bli fjerdemann i løpet, ler Bjarne.
Vågale tider
Det er mange ting som har endra seg i Eidsdal gjennom Bjarne si tid. Det er mykje han kan tenkje tilbake på. Sjølv om Bjarne har vore med på mange farlege hendingar, ikkje minst i krigen, er det likevel noko meir jordnært han sjølv trekkjer fram som vågalt.
Eg kan ikkje skjøne at det alltid gjekk bra då vi gjekk med oksar frå Gomsdalen. I eitt parti mellom der og Ørnevegen er det fole med smale råser med stup rett utanfor. I okseforeininga vår hadde vi dyra i hamn i Gomsdalen, og måtte ofte leie dei forbi denne staden. Dette var nervepirrande, og i dag vert eg nesten redd når eg tenkjer på kva vi gjorde. Men det gjekk alltid bra, seier han.
Det var ikkje så lett å fare mellom bygdene i bil heller. Det var ikkje ferje på fjorden, og det var eit vågalt kunststykke å ta bil om bord i den vesle mjølkebåten. Men dette gjorde Bjarne. I Eidsdal var det ikkje ferjekai, så når fjorden var lav nok, og båten flukta med kaia, la Bjarne plankar mellom kaia og båten. Og så køyrde han bilen halvt inn på båten, venta til båten la seg til ro att, og køyrde resten av bilen innpå. Han minnest at på overfarten stod både fram- og bakparten av bilen hans ut frå båten.
Det er tradisjon for å bli gamal og vere sprek i Rønne-berg-slekta til Bjarne. Litt kort pust plagar han i dag, men han vil ikkje heilt gå med på at det har med tobakken å gjere.
Eg begynte å røyke før eg var konfirmert. Og eg røykte både før og etter alle langrenn. Eg kan ikkje forstå at det skal ha noko med det å gjere, smiler Bjarne lurt.
Ein kulturinstitusjon i Norddal kommune har runda 90 år. |
|
|