|
|
Styreleiar i Stordal Alpinsenter, Olai Nakken, kan fortelje at det heit sikkert har vore rekordomsetning i trekket. Dei endelege tala er ikkje klare enno.
Eg veit ikkje om at det har vore noko påske med så god omsetning som i år, også vinterferien var kjempebra, så det har vore ein god sesong til no, seier Nakken som reknar med at i år blir den beste sesongen nokosinne på Overøye.
Køyrer for fullt
Dei vil køyre for fullt komande helg. Og helga etterpå reknar dei også med gode forhold, då skal det vere renn både fredagskvelden og laurdag.
Nakken er også glad for alle dei gode tilbakemeldingar dei får om forholda i bakken. Det er rikeleg med snø og fint å køyre, og ikkje minst familievennleg.
Det er kjekt med gode tilbakemeldingar, og eg trur vi skal få nokre fine helger no framover, seier han.
Andre påskedag
Den første som møter oss andre påskedag, er parkeringsvakt Reidun Lid Bratland. Det er tidleg morgon og overskya, men sprekkene i skylaget blir fleire og fleire. Bak skyene ser vi blå himmel, og det lovar til å bli ein dag på linje med første påskedag, sol frå skyfri himmel.
Reidun kan fortelje om masse folk alle dagane i påska, og mest på laurdag og søndag. Det er både hyttefolk, folk som bur i campingvogner og tilreisande på dagstur.
Til stortrekket
Ved barnetrekket møter vi Magnus Johnsen frå Sandnes. Han er saman med Hans Petter Bakke, også han busett i Sandnes, men opphavleg stordaling og tilbake på påskeferie. Dei held til på Vinje, men reiser tidleg fram i trekket for å nyte dagen der. Magnus har køyrd i barnetrekket først, men no har han vorte så god at han køyrer i det store.
Kva er det som er så fint med å vere her på påskeferie?
At det er snø her, seier Sandnes-guten.
Magnus er son til sambuaren til Hans Petter, som flytta frå Stordal i 1999. Kvar påske er han tilbake i Stordal på ferie.
Barnetrekket
Tidleg om morgonen er det mest trafikk i barnetrekket, som har vorte meir og meir populært. Her møter vi mellom andre dei to fireåringane Ådne Nakken og Lill Karin Bratland. Dei har ikkje tid til å prate så mykje, her er det om å gjere å kome seg oppover igjen for å køyre nedover att. Og det går verkeleg unna. Farta er stor, og dei kastar seg på dei små hoppa i bakken og står. Grethe Nakken sit ved barnetrekket og passar på at det går greitt. |
|
|