Nybakt norgesmeister på Krikane

– Allereie neste veke tek oppladinga til neste sesong til, sa Hans Martin Gjedrem då vi møtte han heime på garden på Krikane i Valldal.

6. april05
Randi Flø
Dei to norgesmeistrane Jori Mørkve og Hans Martin Gjedrem har mange felles interesser.
Han er vel tilbake frå Mo i Rana, der han tok tittelen norgesmeister i skiskyting, 20 kilometer. Det var berre Ole Einar Bjørndalen frå elitelaget som ikkje deltok. Dermed kan Hans Martin gle seg over å ha vore best, sjølv blant dei beste. Han skaut feilfritt på alle fire skytingane.
– Du vart kalla den store overraskinga. Vart du overraska sjølv?
– Det er klart, eg har slite med skytinga i år, men denne gongen gjekk det utruleg bra. Det var lett å treffe. Eg gjorde det enkelt, og det var veldig enkelt, eg klarte å halde hovudet kaldt og tenkte kun på det eg skulle gjere, fortel han om løpet som gav han sin første tittel som norgesmeister.
På sprinten enda han på 13. plass, på grunn av tre bom på liggjande. Det vart fullt hus på ståande. Dette øydela litt for jaktstarten etterpå, men her gjekk han seg opp til ein sjuande plass, med fjerde beste tid. I stafetten deltok han på eit blanda lag. Dei var to frå Møre og Romsdal, Jon Ola Ulseth frå Tingvoll i tillegg til Hans Martin. Dei to gjekk første to etappane, og då leia dei faktisk. Til slutt vart det ein åttande plass.

Sesongen over
No er skisesongen på det meste over, og han vurderer om han skal gå Skarverennet. Hans Martin ser på avslutninga på denne sesongen som svært positiv i forhold til å komande sesong.
– Det var viktig å avslutte slik. Det har gått litt på tverke. Det starta litt dårleg før jul, og eg drog det med meg over jul, seier han.
No skal han vere heime ei vekes tid, før han reiser tilbake til Øyer for å vurdere om han skal studere vidare. Han tek fag ved Høgskulen på Lillehammer, økonomi og administrasjon. Han tok ein eksamen før jul, og skal kanskje ta nokre no til våren.
Han trivst godt i miljøet der, og har toppidrettsstatus. Det inneber mellom anna at han har det fleksibelt i forhold til skulen, sidan han er mykje på farta.
Han ser ikkje bort frå at han tek seg ein tur heimatt når lamminga tek til om to-tre veker. Hans Martin synest det kan vere greitt å avlaste dei heime litt, ikkje minst faren, Harald, som har vore ein trufast sjåfør og smørjar i alle år.

Ny sesong
Men tru ikkje at avslutninga på sesongen betyr å slappe av. Allereie neste veke startar ein ny sesong.
Han er spesielt motivert til springe fortare i år. Hans Martin skal vere med på både «Skåla opp», «Geiranger Duathlon» og «Fanaråken duathlon». Hans Martin vann i Geiranger i fjor. I år har 25-åringen tiårsjubileum i dei bratte bakkane opp mot Djupvasshytta. Målet i år er å kome under 1 time og 30 minutt. I fjor sprang han på 1.30.10.
Dessutan vurderer han å vere med på sykkelrittet mellom Trondheim og Oslo. Dei er nokre skiskyttarar som kanskje skal stille med eit lag, utan andre ambisjonar enn å fullføre, påstår han.
Denne veka gjer han som han vil, men så tek oppladinga til neste sesong til. Han trenar med rekruttlandslaget, der han har vore med i fire år. Han håper å få halde fram med det.
Sjølvsagt kunne han ha tenkt seg å vere med på elitelandslaget og gjerne også få plass i OL i Torino neste år, men det er det ikkje opp til han å bestemme. Det er stor skilnad på rekruttlandslaget og elitelands-laget når det gjeld ressursar. Dermed har elitelaget eit betre forsprang på det meste, men under NM hadde dei ikkje med seg smørjarar.

Ingen luksus
– Korleis klarer du deg økonomisk?
– Eg har så eg klarer meg, men det blir ikkje akkurat nokon luksus, seier Hans Martin.
Han har to lokale sponsorar. I tillegg frå han dekt ein god del reiser av langrennsgruppa i Valldal idrettslag.

Godt miljø
Hans Martin fyller 25 år i juni, og har halde på med ski sidan han var liten. I Valldal har det vore godt miljø, og han hugsar at det på det beste var 14 gutar i hans klasse som gjekk på ski. Alle dei tre eldre søstrene dreiv med ski, så det vart også naturleg for han å begynne med sporten. Han ser ut av vindauget, der brøytekantane er to-tre meter høge. Det meiner han er nok til å forklare at det måtte bli noko med snø.
– Kva var grunnen til at du fekk interesse for skiskyting?
– Mona fann seg ein skiskyttar, eg fekk prøve og det fall i smak, fortel han og kallar det litt tilfeldig.
No er det anlegg på Krikane, men det skulle gjerne ha vore litt betre. Nokre rekruttar i Valldal idrettslag har begynt med skiskyting, kanskje er dei motiverte av at Hans Martin har nådd så langt. Han syntest det var eit stort sprang frå kretsnivå til nasjonale renn. Det er tøft å hevde seg i toppen nasjonalt.

Jori
Det er ikkje berre ein norgesmeister på Krikane denne veka. Sambuaren til Hans Martin, Jori Mørkve, er også der.
Ho tok ein tredjeplass i normalen, 15 kilometer individuelt under NM i Mo i Rana. Og ho vart norgesmeister saman med laget frå Hordaland under stafetten. Ho kjem frå Myrkedalen i Voss, og studerer også ved Høgskulen i Lillehammer. Også ho har same interessa i å springe.

Motivasjon
Dei er samde om at motivasjonen til å trene hentar dei mellom anna i det å få kroppen til å fungere, å klare å nullstille seg på skytebana. Det er gøy å klare å sjå kor god ein kan bli. Dessutan likar dei å reise, å treffe andre folk.
Hans Martin har på ein måte lyst til å ta over garden og drive med sau, men han vil halde på med skiskyting i ti år til.