Planane ser lovande ut

– Vi har ikkje danna eit selskap enno, men det ser lovande ut, seier styreleiar i Stordal Alpinsenter, Olai Nakken.

13. april 05
Randi Flø
“Arena Overøye” er arbeidsnamnet på selskapet som ein ynskjer å etablere for å utvikle Overøye som skiarena.
Målet er å skaffe ein aksjekapital på minimum to millionar kroner for å danne eit selskap som skal stå for å utvikle området på Overøye, både anlegget og vidare innover.

Fleire investorar
Nakken fortel at dei jobbar med å få fleire investorar. til no har dei tilsegn på om lag halvparten av det dei har sett seg som mål, så han ser optimistisk på å skulle klare det.
Selskapet har arbeidsnamnet «Arena Overøye», og han ser ikkje bort frå at det også kan bli namnet til slutt.

Utvikle
Føremålet er å utvikle området på Overøye, ikkje berre alpinanlegget, men også løypene innover fjella og området rundt.
Nakken håper at dei kan ha på plass skitrekka, dei nye trasémuligheitene og den nye billettbua slik at det står klart til neste sesong.
– Det er etter kvart mange hyttefolk i området, har dei viste interesse for å vere med og investere?
– Ja, det er interesse også blant hyttefolka, fleire av dei har gitt tilsegn. Det er klart det har mykje å seie for dei at området blir tilrettelagt, og det er bra, seier Nakken.
På Overøye er det framleis rikeleg med snø. Kveldskøyringane er det slutt på, men dei vil halde ope i helga som kjem.