Mot normalt

Folk som har vore oppe ved Zakariasdammen i Tafjord, synest vasstanden er ekstremt låg i vår. TK stadfester at vasstanden ikkje er heilt normal.

13. april 05
Sissel Tiril Rem
Det er ingen grunn til å vente seg overløp på Zakariasdemninga med det første.
Informasjonsleiar i Tafjord Kraft, Johan Kåre Tenfjord, vedgår at situasjonen ikkje er heilt normal.
– På grunn av ein feil i brytarstasjonen har vi hatt ein stans i K5 i om lag ein månad. Når K5 står, kjem det lite vatn inn i Zakariasdammen. Når vi i tillegg køyrer K4, brukar vi opp vatnet i dammen.
K5 er i full drift att no, men vasstanden er enno ikkje normalisert.
– Zakariasdammen er langt nede i systemet. Når K5 har stått, har vi spart vatn høgare i systemet. Mange trur at vassmengda i Zakariasdammen gir eit rett bilete av vassmagasina våre, men det stemmer ikkje. Vasstanden der er avhengig av korleis vi styrer stasjonane, seier Johan Kåre Tenfjord.