Første tur i år og Dyrkorn er klar

Laurdag var det første dagen hurtigruta gjekk inn fjordane våre på veg til Geiranger dette året. Og mannskapet om bord veit kvar dei skal dra i fløyta.

20. april 05
Alfred Nilsen
Elin Parr er så fornøgd med alt som er gjort og all den velviljen folk på Dyrkorn legg for dagen.
For folket på Dyrkorn har sett plassen på kartet for dei som kjem sjøvegen. Svelestopp og andre triveleg stopp har skapt eit forhold mellom hurtigruta og Dyrkorn.
Plassen nede ved sjøen er kraftig rusta opp, kaia ser flott og velstelt ut og området rundt er rydda og pleia. Utsalet til Devold har fått eit stort og rikt utval og kan by på det meste i dei flotte lokala i den gamle fabrikken. Ein kaffiautomat står parat til å betjene alle dei bussturistane som i løpet av sommaren stikk innom. Før Trollstigen opnar vil turistane som blir køyrde frå Geiranger med buss etter hurtigrute inn, stoppe på Dyrkorn. Der kan dei handle, ta ein kopp kaffi eller besøke eit toalett, noko det er blitt fleire av sidan sist. Handicaptoalett er på plass og elles mange utbetringar. Mellom 4.000 og 5.000 personar er venta innom i denne perioden.

Pynta
Vi treff Elin Parr på kaia som kan fortelje at det var meininga at det skulle kome ein busslast denne første turen, men den vart avlyst grunna lite folk.
– Så då har vi endå litt tid på å gjere oss klare til alle dei andre som kjem, seier ho. Det var pynta med flagg då den første ruta kom, i tillegg til alle dei folk i bygda som hang ut av vindauga med flagg og laken. Og Hurtigruta fløyta. Det er heilt klart ei forhold mellom desse to partane. Og det er eit utruleg engasjement folk på Dyrkorn legg for dagen. Dei har jobba hardt og ser ut til å lykkast med satsinga si, og Hurtigruta hjelper så avgjort til.
Ikkje berre folk frå Hurtigruta stikk innom. Fleire blir merksame på denne staden og stoppar for å sjå og handle.
– Eg er imponert av støtta frå nærområda, seier Elin Parr som merkar at nærområda blir utvida og at fleire og fleire folk frå andre stadar dukkar opp. Dyrkorn er sett på kartet.