Lesekveld

Elevane i 1. - 4. klasse ved Dalsbygda skule og barnehage hadde sist onsdag lesekveld på skulen. Dette skulle eigentleg vere ein lesevake, men dei korta det ned til å bli ein lesekveld. Det er framhald frå eit leseprosjekt dei hadde ved skule i haust.

20. april 05
Alfred Nilsen
Det var ganske mørkt og skummelt i denne kroken, helt til det kom en blitz.
Dette skulle vere ein kosekveld med bøker og kaker. Kakene hadde foreldra ordna, skulen heldt bøker og elevane hadde med seg ei pute og ei lommelykt dei kunne bruke denne onsdagskvelden. Prosjektet går ut på å stimulere elevane til lesing på ein litt uvanleg måte. Dei hadde laga forskjellige krokar med forskjellig innhald. Ein faktakrok, ein tekneseriekrok, ein eventyrkrok og ein skummelkrok. Under måltide høyrde dei på ei lydbok. Og elevane og lærarane kosa seg med bøker.