Det var Einar Hove som var kjentmann for dei fire ivrige fiskarane som skulle prøve seg på rekorden. Ein av dei var journalist i magasinet Villmarksliv, Tor Olav Moen, som kjenner Hove frå før.
Eg var med han ein gong han heldt på å prøve ei djupvassdorg, då fortalde eg om ein gong eg hadde ut kveitegarn, der eg fekk ei stor kveite og tre håkjerringar. Då han fekk høyre det, vart han veldig interessert i håkjerring, men eg trudde han hadde gløymt det no, fortel Einar Hove.
Det vart avtalt at dei skulle prøve å fiske håkjerring på stang. Hove hadde sett ut åte, rundt 40 kilo okselever i sekkar, på mellom 600 og 700 meters djupn i fjorden. Her hadde han også lagt ut ei bøye, slik at dei kunne ligge forankra i den dei to dagane fisket skulle pågå.
Dei starta tysdag morgon og heldt på heilt til klokka halv sju kvelden onsdag, men noko håkjerring fekk dei ikkje opp. Hove er glad for at det trefte så godt med veret. Dei fire fiskarane fekk over-natte i dei nye lokalitetane ved småbåthamna og var svært tilfredse med opphaldet. Om det ikkje vart den fangsten dei hadde håpa på, vert det reportasje i bladet, og det er god reklame for Stordal. Einar Hove er sikker på at det finst håkjerring i fjorden, sjølv om ho ikkje dukka opp denne gongen. |
|
|