Mange nye jegerar

I alt 23 stykke er med på jegerprøvekurset som Valldal Jeger- og Fiskeforening arrangerer denne våren. Deltakarane skal gjennom 30 timar med undervisning før dei skal ta eksamen og vise at dei er skikka til å starte med jakt.

04. mai 05
Alfred Nilsen
Jente på leirduebana til Valldal jeger- og Fiskeforening.
Aldri før har det vore så mange påmelde på eit kurs. Asgeir Heggen, Jostein Tafjord og Kjell Rødven har drive med dette i 20 år. No er kursdeltakarane ferdige med teorien og sist laurdag var det utedag på leirduebana til Valldal Jeger- og Fiskeforening på Oggarden. Laurdag skulle ein gå gjennom fire forskjellige tema. Fangst med felle, kart og kompass, avstandsbedømming og sikkert skot med rifle, leirdueskyting og jakt på småvilt med hagle. Å vere jeger kan by på så mangt. Ikkje berre det tøffaste av alt; Rifle, hjort og rein, men og fangst med feller for små-gnagarar. Og alt saman, ei naturoppleving. Kursdeltakarane er frå ungdomsskuleelevar til godt vaksne menn med jegerdraumar. Og ikkje berre menn sjølvsagt. Mange jenter er også med. Og ein finn deltakarar frå Stordal, Liabygda, Geiranger, Norddal, Valldal, Fjørå og Tafjord.