Stor aktivitet på campingane

På campingplassane i Tafjord var det stor aktivitet sist helg. Sola varma og mor og far var ivrige til å førebu sesongen som snart er her.

11. mai 05
Alfred Nilsen
Anette Rønning på tur med hunden Tassen.
Vi trefte Anette Rønning med hunden Tassen, frå Kvernhusåker i Ålesund på luftetur. Ho var i Tafjord med familien på sju (med hund). På besøk ved campingvogna trefte vi far, Jan Ove Rønning, med verkty som forbetra utefasilitetane. Dei stortrivst på Tafjord Camping i sin tredje sesong. Mange flagg vaia i vinden denne laurdagen, så her var det mykje folk og mykje aktivitet. Terassebord i impregnert materiale er byggemateriale som blir mykje nytta. Mange små og større prosjekt er starta, og far og mor kosar seg med hammar og sag.
Nede ved hamna trefte vi Janne Britt og Nils Helge Hildre frå Grytestranda som var i full gang med å få på plass spikarteltet. Nils Helge snikra på taket og Janne Britt skrudde golvbord. Det er deira niande sesong og dei stortrivst. Her har vi alt vi treng, seier dei. Gode naboar, vi fiskar i lag og grillar, det er kjempesosialt.
Campingvogna deira står heilt nede ved fjorden, og dei har greidd å fiske ørret frå verandaen. Vi slappar av og gløymer det kvardagslege maset. Dette er det gode liv, seier Janne Britt.
Mens vi pratar, kjem naboen Lisbet Overå forbi. Ho er på veg for å tømme dassen. Det blir sjølvsagt komentert, liv og latter.
Dei skryter av vertskapet som er hyggelege og hjelpsame og som held det ryddig og reint. På enden av flytebrygga ligg ein fiskebåt av tre. Den er nettopp kjøpt inn av eigarane på campingplassen til bruk for turistane i sesongen og til fiske og matauk elles. Det er ein garnbåt frå Hardanger som eigaren fann fram til på internett.
Og mens sola varmar og folket snikrar, dreg vi vår veg, i visse om at dette blir ein flott laurdag i Tafjord.