Åsevegen mykje dyrare enn venta

Kommunestyret i Norddal har sett av totalt ti millionar kroner til å byggje ny Åseveg. Budsjett-ramma for vegen er no 21,470 millionar kroner.

25. mai mai 05
Sissel Tiril Rem
Utbetringa av Åsevegen har vore ein salderingspost i mange år.
Det har vore gjennomført ein open tilbodskonkurranse. Då fristen gjekk ut, var det kome inn to tilbod. Det eine var frå Busengdal Transport AS med byggetid på 22 månader, og det andre frå arbeidsfellesskapet Vatn/D. Stormyr AS med byggetid på 12 månader.

Meir enn 30
Etter gjennomgangen av tilboda vart det sett opp eit førebels budsjett med ei totalramme på om lag 31,3 millionar kroner. Saka var til behandling i anleggs- og byggjenemnda og i formannskapet. Politikarane konkluderte med at i den vidare prosessen skulle ein vurdere tekniske løysingar som kan få ned kostnaden utan at det går ut over akseptabel vegstandard, og ein skulle forhandle med entreprenørane.

Kortare
Både formannskap og kommunestyre fekk seg førelagt det arbeidet som er gjort for å få ned kostnadene på møtet måndag.
Det var Oddbjørn Ringset i Provar AS som la fram justeringa av dei opphavlege planane. Eitt tiltak er å få ned omfanget av natursteinsmurar ved å basere seg i størst mulig grad på «ordna» fyllingsskråningar med helling 1:1. Dei har lagt inn høgde- og sideforskyvingar, og vegen er innkorta med 50 meter i ein slyng og 20 meter i ein annan. Det skal gjerast ny masseutrekning og det er valt ei overbygging med berre eitt asfaltlag.

Busengdal
Det er Busengdal som har kome med det gunstigaste tilbodet, og anleggs- og byggjenemnda har innstilt dette firmaet som entreprenør. Dei reknar med at det kan vere trafikk på vegen sommaren 2006, og at pussarbeidet vert avslutta våren 2007. Busengdal tek dess-utan atterhald om 10 tonn akseltrykk for transport av maskiner og utstyr til og frå. I tilleggtek dei atterhald om prisstigning i samsvar med SSB-indeksen.
Det er framleis slik at prosjektet har ein usikker kostnad ved at det ikkje er gjort grunnundersøkingar. Dette kjem fram som eit påslag på 15 prosent.
I tillegg til totalprisen for sjølve vegen kjem kommunale tiltak som kloakk- og vassleidning og grunnarbeid for gatelys på halve strekninga, men dette er utgifter på vel to millionar kroner, som vil bli finansierte med avgifter.
Sidan vegtraseen er endra, må vegen omregulerast eller det må gjevast dispensasjon frå reguleringsplanen. Det må dessutan forhandlast om nye grunnavtalar.

Meterpris
Då kommunestyret fekk saka til orientering, tok Svein Linge (Aksjonslista) ordet og peika på at Rønnebergvegen hadde ein meterpris på rundt 7.000 kroner. No hadde han rekna seg fram til at den nye Åsevegen vil få ein meterpris på 11.500 kroner. Han viste til at det er fast morene i terrenget og lurte på om det har vore diskutert korleis ein kan gjere vegen endå rimelegare. Til det kunne Oddbjørn Ringset svare at det ikkje er mykje å hente ved å gå ytterlegare rundar.

– Hastar
Petter Lingaas (Sp) meinte det tek til å haste med å gjere eit vedtak om Åsevegen.
– No har vi motivert oss i fleire generasjonar. Det er trist at vi ikkje har ein veg som gir grunnlag for å drive næringsutvikling. Eg synest vi skal gløyme den gamle traseen. No har vi sett av pengar i fleire år, og til mange andre prosjekt har det vore teke frå denne posten. Åsevegen har vore som ein superreserve, no må vi få han på bana. No må andre prosjekt vente, sa han.
Ordførar Arne Sandnes (Sp) konkluderte med at Åsevegen skal kome opp som sak på neste møte i kommunestyret.