Vakker messehakel

Den vakre messehakelen som vart nytta av prostiprest Nils Beite under konfirmasjonen i Stordal kyrkje søndag, er laga av Ola Stavseng.

25. mai mai 05
Kenneth Strømsøy
Messehakel, frå nynorskordboka: «kort, ermelaus, fargerik kappe som er open i sida, brukt av presten utanpå albaen ved nattverd og ved festgudstenester.»
Han er reint oppsiktsvekkjande vakker, messehakelen dei no har fått i Stordal kyrkje. Og bak han ligg ei lett kronglete historie:
Ola Stavseng fortel at det heile starta med at kyrkja trong ny messehakel i liturgifargen grøn. Det vart sett ned ei nemnd, og i denne nemnda var også Ola Stavseng. Han tok kontakt med den no avlidne tekstilkunstnaren Solveig Skeie Vindnes i Liabygda, som hadde arbeidd mykje med kyrkjetekstil. Men ho hadde mykje å gjere, og gjorde framlegg om at Ola sjølv kunne ta utfordringa. Han takka først nei, seier han, men brått ein dag kom det likevel ein idé dalande.

Kornaks mot sola
Ola fekk ideen ned på papir, og synte det til Solveig, som meinte det var eit godt utkast. Etter å ha reinteikna og laga til ein modell i bomull, vart han vist fram til nemnda, som likte det dei fekk sjå. Også utvalet for kyrkjetekstil ved bispekontoret tende på modellen, og godkjende han.
Grøn er fargen for vokster, og Ola Stavseng ville tydeleggjere dette. Ideen var derfor å lage ein messehakel som gjekk gradvis over frå mørkegrønt i nedste kant, til lysegrønt, lysegult og til slutt kvitt i halsen. Kornaks skulle strekkje seg mot sola.

Ny teknikk
Første tanken var å veve det heile, men dette viste seg å vere teknisk svært vanskeleg. Ola såg dermed for seg innfarging og brodering, men heller ikkje dette skulle vise seg å vere så reint enkelt. Han tok kontakt med fleire tekstilkunstnarar, som prøvde seg fram, men utan å lukkast. Å få til fargeovergangar var greitt, men å gjere dei sirkulære – lyst i midten og grønt i kantane – var vanskeleg. Det heile enda med at Ola Stavseng måtte finne på ein teknikk på eiga hand. Etter noko prøving og feiling fann han løysinga.
Då innfarginga var vel utført på duchesse-silkestoffet, fekk han Torhild Lambersøy til å ta broderinga, medan Dorthe Lervik, som hadde arbeidd for Solveig Skeie Vindnes, tok seg av syinga og monteringa.

Nøgd kunstnar
Den nye messehakelen vart innvigd på skjærtorsdag, og vart svært godt motteken. Kunstnaren sjølv var også nøgd:
– Eg hadde valt den fargenyansen ved å måle på lerret i kyrkjerommet. Men då eg såg den ferdige messehakelen på skjærtorsdag, vart eg reint overraska over kor fint grønfargen passa inn. Han eignar seg særs godt i kyrkjerommet, synest Ola Stavseng.