Stor minikampinnsats

– Gå mot ballen! Kom igjen! Dokke må’kje stoppe opp! Gå inn i dei! Skyt!

01. juni 05
Sissel Tiril Rem
Frå sidelina kom det både velmeinte råd og applaus til valldalsjentene.
Engasjementet var stort både på og utanfor banene då åtte- og niåringane møttest til fotballturnering på Valldal stadion laurdag. Minigutt G09 og minijente J09 frå Ørskog, Stranda, Sykkylven, Norddal-Eidsdal-Geiranger og Valldal møttest til dyst med lokale ungdommar som dommarar.

Korte kampar
Andre- og tredjeklassingane spelar femmarfotball med sju minutts omgangar. Dei er sjølvsagt mange fleire enn fem på laget, så spelarar byter på å kjempe om ballen. Stadioen er delt i tre baner og kampane går raskt unna. Viktigare enn resultata, er gleda ved å spele fotball.
På bane to spelar Norddal-Eidsdal-Geiranger (NEG) mot Stranda 4.
– Kristian du må sentre! ropar ein engasjert Nils Morten Grønningsæter.
– Heia Norddal!, ropar ein gut i gul drakt før han går bort til bommen og hengjer seg opp ned som eit dovendyr. Der heng han og bles i ei fløyte saman med ein kompis.
Han fortel at han heiter Markus Rønneberg. Lagkameraten heiter Håkon Døving Olsen. Snart får dei selskap av Adrian Indreeide, 6215 Eidsdal, som han seier.
På spørsmål om korleis det har gått, seier dei:
– Vi har vunne to kampar.
– Nei tre.
– Nei to. Du må spørje Nils Morten, seier dei før dei igjen heng og sleng frå bommen.

Tre treningar
På bane tre spelar valldals-gutane mot tredjelaget til Stranda. Strandarane blir for sterke, men fotballmor Mariann Gundersen Døving er nøgd.
– Dei har berre hatt tre treningar, og no veit dei i alle fall at dei må ta avspark etter skoring, seier ho før ho må springe tilbake til kiosktenesta i klubbhuset.
Etter kampen rapporterer ein nøgd strandagut til familien på tilhøyrarbenken at dei vann alle kampane og at alle på laget skora.
Minikampane er organiserte som turneringar som går på omgang mellom heimebanene.