Stiller ut hos førebiletet

Ola Stavseng er invi-tert til å stille ut på Anders Svor-museet i Hornindal. Utstillinga vert ei brei framsyning av arbeida til Stavseng.

08. juni 05
Kenneth Strømsøy
Ola Stavseng er svært glad for invitasjonen til å stille ut i Anders Svor-museet i Hornindal. (Arkivfoto)
– Dette er svært ærefullt, seier Ola Stavseng stolt.
– Eg arbeider mest med tingingsarbeid, men då eg vart invitert til å stille ut i Svor-museet, kunne eg ikkje takke nei. Han er eit viktig førebilete for meg, legg han til.
Utstillinga vil vise eit breitt spekter av verka til Ola Stavseng, frå slutten av 70-talet og fram til i dag, både frie arbeid og modellar av tingingsverk. Han viser også fram nokre teikningar. Stavseng seier han sjølv arbeider i eit klassisk figurativt og naturalistisk formspråk, som er mykje likt formspråket til Svor.
Anders Svor var fødd i Hornindal i 1864 og starta kunstnarlivet med treskjering allereie i barndomen, opplyser nettsidene til musea i Sogn og Fjordane. Seinare utdanna han seg mellom anna i København. Han hadde ei rekkje større utsmykkingsarbeid, og i dag er han mellom anna representert på nasjonalmuseet. Anders Svor-museet vart opna i 1953, og har med åra samla storparten av kunstverka hans.
– Dette er ei svært fin samling skulpturar av Svor, seier Stavseng.
– Ein har funne mange gipsmodellar etter han, og ein del av dei har også vorte støypt i bronse. Her er særskilt mange portrett, både byster og relieff, og også monumentalskulpturar.
Utstillinga til Stavseng opnar 11. juni og kan sjåast i tre månader framover.