| Men Storfjordens Venner er verkelege vener. Dei sit ikkje heime når dei kan vere i lag, på ein slik fantastisk plass som Knivsflå i Geiranger. Storfjordens venner er i år 30 år, og på alle desse åra har dei baksa og streva på alle desse fråflytta stadene langs Storfjorden. Og fleire og fleire har dei vorte. Nokon med stor interesse for bygningar og levesett, andre med ein alder der ein nærast ufrivilleg blir dregen mot røtene sine. Sjanglande opp bratte og smale råser for endeleg å kome opp og ta naturen og historia inn over seg. Ein angrar ikkje. Det er litt av ei oppleving å vere så mange i lag på slik ein liten plass. Og mange var det.
Transport
To båtar var sett opp og gjekk i skytteltrafikk mellom Geiranger og Knivsflå. Fjord1 sin Romsdalsfjord og Nordic Lady fylte opp gong på gong. Nokre kom med ferje frå Hellesylt. Ho stoppa opp og sleppte dei av midtfjords, for etter stemnet å ta dei med heimatt på same viset.
Medan båtane gjekk, gjekk også taubana i eitt. Graut og greier, instrument og anna kom opp med den praktiske bana. Tenk å berre gi frå seg børa og ta ho att oppe og nyte ho der. For det var det, ei nyting. Maten og programmet smakte fortreffe-leg.
Anne Lise Lunde, leiar i Storfjordens Venner, ønskte velkomne til gards på ein slik måte at anten var du i familie med henne, eller så hadde ho gjort dette mange gongar før. Malene (ei ung Knivsflå-taus) ønskte velkomne på vegner av eigarane. Og Hevsdalsblåsarane (ei gruppe musikantar frå Stranda og Hellesylt) spelte. Ein song: Fagert er landet og no livnar det i lundar. Svein Runde, Gud og kyrkja sin representant, var der for fyrste gong, og han kunne fortelje at på Knivsflå, før i tida, hadde dei rikeleg med kristen litteratur og gudstru. Jårångskoret song kjende og mindre kjende songar, blant anna: Den fyrste song. Og det var noko som sette kjenslene i sving, ein kunne sjå folk som svelgde og song.
Tale for dagen
Harald Kjølås er levande interessert i alt som skjer på og ved fjorden. Han fekk stor takk frå leiaren i Storfjordens Venner for det arbeidet han hadde lagt ned, før han sette i gang igjen. Han kunne fortelje mykje om fjorden, plassane og folket. Han har funne fram mange interessante hisoriske hendingar og fakta som han delte med Storfjordens Venner på ein morosam og nøktern måte. «Den gongen for veldig lenge sidan, måtte ein til Trondheim for å selje gardsprodukta sine, men no kjem dei frå heile verda hit, før vi har rokke å pakke dei og gjort dei klar for sal». (Den siste setninga må eg vel stå for sjølv). Inger Knivsflå fortalde om garden og korleis dei hadde det før.
Vêret
Ein kunne sjå nokre paraplyar og sydvestar, men det var ikkje mange dropane som kom. Køane til graut og do blei greitt avvikla og folk fann seg godt til rette. Sparebanken Møre overrekte ei gåve på 200.000 kroner til restaurering av bygningane på Skageflå, ei vennleg handling. Over 700 menneske var til stades på Knivsflå denne søndagen i juni, den yngste berre nokre veker og den eldste over 80 år. Garden på andre sida av fjorden var noko av utsikta. Ferja og Hurtigruta i lag med mindre båtar på fjorden ein annan. Og heile tida gjekk taubana
|
|
|