Dette er ditt liv, Norge!

7. juni-markeringa i Stordal vart mest prega av trim og humor, men også eitt og anna til ettertanke.

15. juni 05
Kenneth Strømsøy
Danskekongen misser Norge til svenskekongen.
Ikkje uventa tok 7. juni-markeringa i Stordal til med turmarsj. Norges Folkesportforbund hadde oppmoda alle kommunane i landet til å halde turmarsj i tida kring hundreårsdagen, og stordalingane fann det like greitt å ta turen på sjølve den store dagen. Ein grei måte å auke oppslutnaden om både turgåinga og markeringa, får ein tru. Så er det vel heller ikkje heilt usannsynleg at koplinga hadde noko å gjere med ryggmergsrefleksar hos sanne sunnmøringar og ei von om å auke salet av lefse og rjomegraut etterpå. Men det vert berre spekulasjonar...
Turen gjekk i lett duskregn, men det var ikkje verre enn at det var friskt og fint å gå. Dei som gjekk den lengste løypa på fem kilometer fekk også prøve ut den nyleg utbetra gangvegen langs Storelva, frå campingplassen og fram til Kvammenbrua. Ved brua og i barnehagen fekk ein skrive seg på i bøkene til den store turgåarkonkurransen. Begge bøkene hadde lange namnerekkjer for kvar einaste dag, så det er ikkje tvil om at stordalingane vert vanskelege å slå i turkampen.

Song og musikk
Etter turmarsjen var det samling på rosekyrkjebakken, og første kulturinnslag var ved Stordal Hornmusikklag. Repertoaret var høveleg og ikkje så svært overraskande: ”Ja, vi elsker” og andre nasjonale songar og marsjar. Dessverre har hornmusikklaget skrumpa mykje inn dei siste åra, og store deler av programmet vart spela utan dirigent. Ein skokk glade små-stordalingar tok den jobben, og sjarmerte med stor musikkglede og mykje innleving. Men på sjølvaste nasjonalsongen fann Kari Dyrkorn det best å leggje ned klarinetten og gje laget litt ekstra takt og tone.

Kåseri og prolog
Liv Randi Bjørlykke kåserte om 1905 og tida før og etter, og hadde mangt uventa å seie om historia til både nasjonen og kommunen.
Kirsti Almås las ein prolog som var skriven til kommuneoppløysinga i 1976, og fekk ein ekstra lokal scwhung på sjølvstendemarkeringa. Siste post på Kyrkjehola-marka var – måtte dei andre deltakande orsake meg – det desiderte høgdepunktet for dagen: Mellomsteget hadde sett i scene norgeshistoria i ultra-snøggversjon, frå vikingtida til unionsoppløysinga. Attmed ei grei historieoppsummering for dei av oss som ikkje lenger er heilt oppdaterte på barneskulepensum, fekk vi morosame vriar, stor sceneglede og ikkje minst ein heilt passe liten dose slapstick-humor. Imponerande!

Liabygda i hundre

Ikkje lite arbeid hadde dei lagt ned elevar og lærarar ved Liabygda skule då 100-årsmarkeringa kunne gå av stabelen om kvelden 7. juni. Det var eit samarbeid mellom skulen og velforeininga

15. juni 05
Randi Flø
Kjellrun Lied og Melinda Karina Guadiamos var rett så fine denne dagen.
Og mesteparten av bygda møtte fram. Ute på skuleplassen var det laga til marknad. Inndelte i grupper hadde elevane ansvar for kvar sine produkt, som dei hadde laga sjølve. Her var det sopelimar og dørmatter av bjørkeris, tova sitjeunderlag og søst. Salet starta ikkje før folk hadde vore ei ykt inne på ungdomshuset. Etterpå var det tid for å hente fram att gamle leikar.
Inne fekk vi ein kort gjennomgang av arbeidet 5.–7. klasse har lagt ned i høve 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga.
Dei har samla inn eldre bilde, skaffa seg opplysningar og skrive ned litt tekst rundt dei ulike bilda. Hovudvekta av bilda er frå tidsrommet mellom 1920 og 1940. Elevane har brukt både skrivne og levande kjelder til å skaffe informasjon kring bilda. Heftet fortel både om fortida, men også om korleis Liabygda har utvikla seg, både når det gjeld arbeid, fest, fritid og geografi frå 1905 og fram til i dag.
Det var rift om dei populære varene då marknaden opna. Ikkje minst var det mange som ville skaffe seg det spesielle bildeheftet.
Innhaldet med alle bilda gir nok samtaleemne i mange dagar.

Hundreårsmarkering på tusenårsstaden

Hundreåsjubileet for lausrivinga frå Sverige i 1905 vart avvikla med korpsmusikk, talar og salutt på Sylte hamn. Det mjuke innslaget stod dei to flaggheisarane frå Dalsbygda for.

15. juni 05
Sissel Tiril Rem
Anne Maria Nystad og Berit Engeset Sperre heiste det reine, norske flagget som forfedrane Fargar-Ivar og Dale-Arne planta framfor unionsflagga då kong Oscar II besøkte Geiranger i 1896. Ordførar Arne Sandnes tek seg av “sildesalaten”.
Feiringa vart berre innleiingsvis truga av nokre få regndropar. Regnet som hadde gjesta oss flittig i dei første, kalde junidagane, heldt seg heldigvis vekk frå stolrekkene.

Viktige datoar
Felleskorpset med musikantar frå Valldal skulekorps og Valldal hornmusikklag opna markeringa med marsjen «Prestige» før heimevernssoldatar marsjerte inn framfor talarstolen og stod æresvakt med krigsveteranar som tilskodarar på første rad.
Ordførar Arne Sandnes ynskte velkomen og viste til det han kalla trillingane: 7. juni, 8. mai og 17. mai som byggjesteinar i verket Noreg.
– Frå 1807 til 1814 stod 50-60 norddalingar grensevakt mot Sverige. I 1905 var taket tett og bygget kneisa trygt og godt. Då stormen kom i 1940–45, rei vi han av. Bjørnstjerne Bjørnson valde seg april, men vi vel oss mai og juni, våren som er frisk og livgjevande, sa han.

Solidaritet
Fylkesmann Ottar Befring gratulerte med 100-årsdagen for sjølvstendet og drog fram Ole Bull som nasjonsbyggar.
– Ole Bull våga og ville sin eigen kultur og kunst. Han oppretta Den Nationale Scene i Bergen og tilsette Ibsen. Han sende Grieg til Tyskland. Ole Bull står som ein påle i norsk kulturliv.
Fylkesmannen snakka òg om lausrivingskampen fram til 7. juni og den gode innsatsen veteranane gjorde i Andre verdskrigen. Han snakka òg om dagen i dag.
– Vi må ikkje bli hovmodige. Vi har gått frå å vere eit fattig land til å bli ein av dei rikaste nasjonane i verda. Vi må vere audmjuke og opptekne av «vi» og ikkje «eg». Vi må tenkje på dei fattige både her og i andre land, sa Ottar Befring.

Flaggbyte
I flaggstonga på hamna hang unionsflagget med «sildesalaten» i øvste venstre hjørne. Ordførar Arne Sandnes fortalde om då Fargar-Ivar og Dale-Arne planta eit reint norsk flagg framfor unionsflagga då kong Oscar II besøkte Geiranger i 1896.
– Kongen steig i land frå kongeskipet og møtte det reine, norske flagget først. Vi har funne att dette flagget, og no skal etterkomarar etter dei to, Anne Maria Nystad og Berit Engeset Sperre, fire unionsflagget og heise dette gamle, norske flagget.

Æresdiplom
Etter flaggbytet delte ordføraren ut eit æresdiplom til kvar av dei åtte krigsveteranane som var til stades på arrangementet: Reidar Grønningsæter, Arne Lingås, Knut Rønneberg, Lars Petter Sandnes, Ottar Hoel, Georg Dalebø, Lars Smoge og Nils Nerhus. Martin Hjelme og Bjarne Rønneberg var ikkje til stades på grunn av dårleg helse.
Utandørsmarkeringa vart avslutta med at distriktssjef i heimevernet, Harald Valved, heldt tale og la ned blomar ved bautaen til Martin Linge på Linge.
Veteranane, gamleordførarane og dei andre inviterte gjestene var så inviterte til middag i regi av Norddal kommune der musikkskulerektor Vidar Skogly og Per Ove Ødegaard stod for musikalske innslag.