Ny giv for fjordsenteret

Norsk Fjordsenter i Geiranger har vore gjennom gjeldssanering og omorganisering. No satsar senteret på nærare samarbeid med resten av reiselivet i bygda, for å få opp besøkstalet og for å marknadsføre tilbodet betre.

22. juni 05
Thomas Rem Berdal
Rita Berstad Maraak er nytilsett dagleg leiar ved Norsk fjordsenter i Geiranger, i samband med refinansiering og omorganisering.
– Det tek tid å gjere eit tilbod kjent i marknaden. Når vi på messer framleis møter folk som ikkje har høyrt om det 60 år gamle tilbodet Dalsnibba, seier det seg sjølv at det tek tid å etablere fjordsenteret som eit reiselivsmål i Geiranger, seier Rita Berstad Maraak.
Ho tok 1. juni over som dagleg leiar ved fjordsenteret, same dag som ein driftsavtale mellom Geiranger Fjordservice og fjordsenteret tok til å gjelde. No er Geiranger Fjordservice forretningsførarar for senteret.

Nytte av kvarandre
Fjordsenteret har slite med økonomien sidan oppstarten for tre sommarar sidan. Hovudårsaka er at besøkstalet har vore for lågt. I fjor besøkte 32.000 gjestar senteret, medan målet har vore 60.000 besøkande kvar sesong. Med orden på økonomien og ny driftsstruktur har Berstad Maraak stor tru på ein ny giv for senteret.
– Vi skal vinne på stordriftsfordelar. Hovudaksjonæren er allereie tungt inne i turismen i Geiranger og vi skal jobbe i fellesskap for å auke omsetnaden og besøket her ved fjordsenteret. Det vil gi synergieffektar når vi er fleire selskap, med fleire tilsette, som jobbar i felles miljø og konsept, seier Berstad Maraak.
Det kan til dømes vere aktuelt å nytte guidane i Fjordservice også ved fjordsenteret. Ho er også hamnefogd i Stranda kommune.

Vil utvikle seg
– Vi er glade for å registrere ein knallstart på årets sesong. Vi har hatt jamnt godt besøk her, både av cruisepassasjerar, bussreisande og individuelle gjennomreisande. Vi er likevel klare over at det tek tid å innarbeide eit slikt tilbod i marknaden. Å få innpass til dømes hos cruiserederia er svært krevjande. Ei organisering av desse tunge aktørane vil klart gi oss fordelar i dette arbeidet. Både i marknadsføringa, produktutviklinga og salet, seier Berstad Maraak.
Det er likevel på litt lengre sikt ein må arbeide for auka omsetnad. I sommar vil sesongen gå som normalt. Det vil bli tenkt meir strategisk mot neste sesong, utan at ho vil røpe for mykje av nysatsingane. Men ho ser gjerne for seg ei utvikling i området rundt senteret.
– Vi ser for oss å skape eit tydelegare aktivitetsområde for familiar og ungar på utearealet rundt fjordsenteret. Vi ønskjer å auke fokus på familiar og opplevingar, og kan hende vil vi sjå noko skje alt i sommar på dette feltet, seier Rita Berstad Maraak.

Unngår konkurs
Arne Krohn er styreleiar ved Norsk fjordsenter. Han stadfester at det var naudsynt å gjere tiltak på økonomisida for å unngå konkurs av senteret.
– Vi tok kontakt med dei involverte aktørane for å nedskrive kort- og langsiktig gjeld og for å få inn ny aksjekapital på eigarsida. Vi er no i sluttfasen med å få på plass ein totalpakke som gir oss tre millionar kroner i ny kapital. Vi har vore gjennom ei nedskriving av aksjekapitalen med om lag 9 millionar kroner og ei gjeldssanering på 10 millionar kroner, seier Krohn.
– Med dette meiner eg at vi har skapt økonomisk grunnlag for ei framleis drift av senteret, tilpassa dei aktivitetane vi ønskjer og planlegg, avsluttar han.