Klatring i Fjørå, sandvolleyball i Valldal, brettsegling, fotball, padling og orientering i Norddal. Skyting og buldring i øvre Eidsdal og fisking på Eidsvatnet. Plantefarging og slått ved Severinbrauta. Båttur på fjorden eller terrengsykling og førstehjelp i Eidsdal. Dei rundt 150 skuleelevane frå 5. klasse og oppover hadde eit svært variert tilbod å velge mellom då dei møttest til ein alternativ idrettsdag tysdag i førre veke. Elevane valde to aktivitetar kvar.
Den tradisjonelle idrettsdagen har vore tenkt endra i fleire år. Sidan det i år er Friluftsåret, fann skulane det verdt å snu litt på flisa. Innspel frå kulturavdelinga i fylket og medlemskap i Friluftsrådet gav skulane høve til å hente inn ressursar. Slik fekk dei nytta seg av tenester frå både Valldal Naturopplevingar, Steget friluftskompetanse og Sun Alpin.
Det er første året denne typen aktivitetsdag blir halden. Elevane verka svært godt nøgde. Både med å få prøve seg på friluftsaktivitetar og å vere saman med andre elevar, som dei kanskje ikkje kjende så godt frå før.
Det er sjølvsagt eit poeng at elevar frå alle skulane i kommunen kjem saman og vert betre kjende. Det var ei veldig positiv tone blant elevane og god oppførsel. Det er ein gjeng med svært positive elevar, seier Merete Løvoll Rønneberg ved Eidsdal skule.
Saman med Tordis Nesse og Mette Natland Valdal hadde ho ansvaret for denne dagen. Dei nytta seg av kollegaer frå alle skulane, som var både transportørar og instruktørar. Lokale lag var også involverte, som Norddal/Eidsdal Røde Kors og Ytterdal skyttarlag. |
|
|